tirsdag, juni 20, 2006

Meir husmasinformasjon

Eg veit at eg har, vel, toucha så vidt innom dette med at me har kjøpt leilighet tidlegare, altså – men finst det eigentleg eit meir interessant emne med større relevans for resten av internett?

Trudde ikkje det, nei.

Greia er nemleg den, at eg ikkje har stoppa autosøket mitt etter leilighetannonsar før i dag. Mest fordi eg er lat og desorganisert, så klart, men også fordi eg då får sjansen til å godta meg over annonsar som denne, for ein "arealeffektiv" leilighet på 55kvm i 2. (hah! andre!) etasje, med takst 1.700.000 og fellesgjeld 172.000, som endar opp med å gå for 2.100.000 - eg gjentek: to millionar eitt hundre tusen norske kroner!!.

Prisen på drøymeslottet?
- Høg
Gleda over å sjå andre betala endå høgare summar for mindre og meir usentrale leilighetar?
- Priceless!

Den same infame gleda melder seg når eg ser døme som dette og dette, på leilighetar med rare og endå rarare planløysingar, som enda på hhv. 250.000 og 220.000 kroner over takst - eit godt stykke over smertegrensa vår.

Skadefro?
Eg?!?!

Aldri! :o)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Uhu - de to siste linkene ville ikke linke! Jeg vil også godte meg over leiligheter med rar og rarere planløsning!

-lin sa...

Hmm... så rart! Funkar som bare det for meg, både frå jobb og frå kafé... Du får gå inn på annonsen og klikka deg gjennom bilda til du ser det. Den første er for så vidt okei, bortsett frå at det vel knappast er plass til ei normal dobbeltseng på nokre av dei knøttsmå soveromma. Den andre er langstrekt og upraktisk, med masse vinklar og vegger og må-gå-gjennom-eitt-rom-til-det-neste-løysingar.

Og, som sagt: dyrare enn dyre, og ikkje noko som liknar på utsikt ei gong!

Anonym sa...

Hihi, spesielt nummer 2 var jo genuint underlig! Nummer 1 ser ut som om den er gjort om for 2 studenter.. kunne en slått ut soveromsveggen og fått ett soverom, så kunne det kanskje funka. Men likevel... SIKKERT mye finere den dere har kjøpt!

-lin sa...

Ja, er særs nummer to som er rimeleg sær. VÅR leilighet, derimot, finst det sjølvsagt ikkje ein einaste feil på! :oD