torsdag, mai 04, 2006

Halvtårsjubileum

Nettet heime glimrar framleis med komplett fråver, så denne blogginga går litt trått for tida. Men eg har det bra. Veldig bra. Det er vår, og sol, og dei tjukkaste støvlettane har fått tilbake plassen innerst i skapet.

Turen heim var fin. Lyslugg fekk treffa delar av klanen for første gong og dessutan opplevd sin første (og siste?) lovsangskonfirmasjon, og begge fekk moderleg stell og omsorg i form av lammesteik, laks og kjøtkaker.

Og sjølukta! Aaah! Har alltid godt av den. Salt vind og kvite strender, rullesteinar med stankelbeinete, forhåpentlegvis rimeleg friske fuglar. Grøne kjelver og høg himmel. Det var det der med dei öppna landskapa, ja…

Dessutan var det dette med jobben. Alltid tilbake til den. Klikk litt rundt i arkivet mitt, og det tek ikkje lenge før du finn postar kor eg syter og klagar over kor fælt dette arbeidslivet er, med overtid og vanskelege sjefar og håplause oppgåver og i det heile tatt. Irriterte postar, og indignerte, pluss eit par slitne og forvirra. Utløp for frustrasjon, og trass alt ganske uskuldige greier.

Men ingen av dei seier eigentleg nok. Ikkje om koss eg eigentleg hadde det då eg skreiv dei. Om koss det var å ha ein jobb som eg verkeleg hata.

Eg gjentek: H-A-T-A!

Ingen postar om koss det var å grua seg omtrent kvar einaste kveld eg la meg, bare fordi eg visste at minst åtte timar også neste døgn må tilbringast på eit einsamt kontor i ein publikasjon som var heilt feil, omgitt av folk som ikkje fattar bæret. Kjensla av å vera totalt og komplett og absolutt mislukka. Av at eg ikkje får det til! Og, verre, at eg ikkje vil få det til. At eg har meir lyst å sleppa. Forsvinna. Gi opp. Oppføra seg heilt i strid med den personen eg eigentleg tenker at eg er.

No, eit halvt år etter siste dagen der på huset, er det ikkje så vanskeleg å skriva avsnittet over. Eg ser at det verkar patetisk, det eg skriv, og innser at det nok først og fremst er fordi det faktisk er patetisk. Fordi eg nok burde vore tøffare medan det stod på. Skore gjennom og kome meg vekk. Eller noko. Men det gjer ingenting. For eg er fri no!

Høyrte de? F-R-I!

Eg jobbar jo mine timar i forlaget, og okkar og jamrar meg over forholda her. Over rar organisering og sære sjefar. Men eigentleg, sånn eigentleg har eg det heilt topp. Eg legg meg med godt samvit, vel vitande om at også morgondagen blir grei. Når klokka er inne, går eg like frimodig heim, og når folk spør om kva eg driv med, kan eg halda ryggen rak utan grøss av dårleg samvit. Ikkje fordi eg føler at det er meir høgverdig å jobba i forlag framfor i vekeblad, så klart, men fordi det ikkje lenger er vondt å bli minna på arbeidsplassen min ute i det sivile. Rett og slett.

Det kom over meg, der eg låg i senga heime i Hafrsfjordgate, med Jæren bak meg og ei ny osloveke framfor meg, seint om kvelden etter ei kjekk langhelg, akkurat då slike uønska tankar har det med å koma krypande: At eg ikkje grua meg!

Og det er faktisk nok.

1 kommentar:

Ingvild sa...

Skjønner så godt hva du mener! Selv om jeg slapp reaksjonene fra verden på forrige jobben, hadde jeg også flere kvelder der jeg lå og grudde meg til en ny dag med mas, kjas, telefoner, kaffekoking og meningsløse oppgaver. Ikke fordi jeg ikke fikk det til, men fordi det ikke ga meg noe. Nå er det masse jeg ikke får til, jeg river meg i håret over sjefer og kolleger, jeg jobber til jeg blir grå i ansiktet, men jeg trives! Og jeg er nyttig! Og det er faktisk ganske så viktig. Fin post, vennen.