søndag, juni 04, 2006

Rom for forandring

Det er noko med dette rommet. Du veit - rommet eg har brukt den siste veka eller så på å sutra over. Noko som gjer at eg føler meg litt annleis. Ikkje mykje, men litt. At noko er annleis.

Og i dag, då eg leita gjennom kleda mine etter noko passe søndagsavslappa å gå i, aller helst noko eg ikkje hadde gått i på lenge, og Bono song om ho som prøver å kasta armane rundt verda, kom eg plutseleg på kva det var. Er. Denne nygamle kjensla. Nederst i haugen fann eg nemleg ei dongeribukse. Eit godt utvaska eksemplar av arten, med vidare enn vid sleng, og oppmuntrande god plass i linninga.

Ei studentbukse!

For sånn er det. Eg føler meg som ein student igjen på dette rommet! Som om eg er tilbake til ein epoke eg trudde eg hadde lagt bak meg. Tilbake til ei tid då alle budde på sånne alt-i-eitt-rom med meir eller mindre ukurante loppismøblar og stygge holete veggar. Då stereoanlegget hadde den viktigaste plassen i rommet og hola i veggane vart forsøkt dekka med stolne konsertplakatar. Då oppvasken alltid vaks fortare enn eg klarte å ta unna, og det alltid hang klede til tørk i opphaldsrommet. Då vorspiel og nachspiel dundra i veggene kvar fredag og lørdag, og eg høyrte på musikk eg hadde frå Kvarteret, eller Garage, eller festar haldne av Folk Med Stil.

Omtrent sånn eg har det no, mao...

Ingen kommentarer: