onsdag, juni 07, 2006

Kvakk!

Han skulle ut, og eg skulle inn. Eg sprang opp trappa, og han opna døra.

Raskt. Veldig raskt.

Og eg? Vel, eg bråstoppa. Med halve leppa murt inn i dørkarmen.

Au.

- Auauauau!

- Uffda! Beklager! Jeg ante virkelig ikke at det sto noen der! sa han.

- Humpf. Umbf... [tappert smil] Beidå, bet går så bra, atte, mumla eg, medan høgre del av overleppa på frå sekund vaks frå normal til gigantisk.

Som ein mislukka silikonjobb, kor legen fekk sparken halvvegs, og glømte å tetta med Botox langs kanten.

Meg? Med pornomunn?

Uhm, neppe. Det må vera noko anna på ferde.

Så no nettopp, då eg - som for å bevisa at den der kroppsbeherskelsen min av og til er litt fråverande - smelte kneet mitt i skrivebordet til ho eg deler kontorloft med, slik at eg hinkar og vrikkar og haltar meg fram i kontorfellesskapet, gjekk den eigentlege samanhengen endeleg opp for meg:

Eg er i ferd med å bli til ei and! Komplett med nebb og vraltande gange. Manglar bare gule fjør og ein forkjærlighet for meitemakk, så er eg der.

For du veit det, at om det walks like a duck, and quacks like a duck, ja då er det vel kanskje ei and då!

3 kommentarer:

Ingvild sa...

Unnskyld at jeg ler, men: HAHA :-) For uansett hvor vondt sånt er, ser det jo ustyrtelig komisk ut. Ta det fra en som, nesten hver dag, dunker inn i: sofabein, stolhjørner, dører, hyller, you name it. Men and... Jo, kanskje jeg også er det. Jeg går til og med litt rart! Hmmmmm

-lin sa...

Kvakk kvakk!

Me ender lyt halda saman, vettu!

Bare vent til du ser den leppa, så forstår du kva eg meiner...

Ingvild sa...

Du skal se vi ender opp med å drikke vin på verandaen. Ah, ordspill nå....