Er det fleire en meg som følger med på Dagbladet si kåring av dei "25 beste bøkene" dei siste 25 åra?
Jada, jada, jada - eg veit at det er absurd å kåra "vinnarar" når det gjeld noko så smaksstyrt som lesestoff. Eg syns likevel det er ein god idé, og har gleda meg frå dag til dag til å sjå kva som er neste tittel på lista.
Per i dag er dei komne til nummer ni:
09. «Forføreren» av Jan Kjærstad
10. «Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede» av Jan Wiese
11. «Ute av verden» av Karl Ove Knausgård
12. «Blinddøra» av Hans Herbjørnsrud
13. «Verden forsvinner» av Liv Køltzow
14. «Beatles» av Lars Saabye Christensen
15. «Latours katalog» av Nikolaj Frobenius
16. «Thranes metode og andre noveller» av Øystein Lønn
17. «Bikubesong» av Frode Grytten
18. «Skråninga» av Carl Frode Tiller
19. «Ut og stjæle hester» av Per Petterson
20. «Seierherrene» av Roy Jacobsen
21. «En vinterreise» av Ragnar Hovland
22. «Naiv. Super» av Erlend Loe
23. «Plutselig høre noen åpne en dør» av Trude Marstein
24. «Huset med den blinde glassveranda» av Herbjørg Wassmo
25. «Om bare» av Vigdis Hjorth
Titlane eg har utheva, er dei eg har lese. Eg hang med andre ord betre med i starten enn eg gjer no... Knausgård har stått på lista mi lenge, ikkje minst sidan eg lika En tid for alt så godt, det same gjeld Petterson og Frobenius. Liv Køltzow har eg prøvd tidlegare utan heilt å forstå meg på, og noveller er eg ikkje så veldig glad i. Så det er i grunnen greit.
Spørsmålet vidare er sjølvsagt kven som står på øverste åtte plassane. Hmmm... Basert på dei hundre titlane Dagbladet har teke utgangspunkt i, tippar eg at (i alfabetisk rekkefølge) Kjell Askildsen, Bjarte Breiteig, Kjartan Fløgstad, Bergljot Hobæk Haff, Jon Fosse, Dag Solstad, Lars Amund Vaage, Hanne Ørstavik er med på lista. Det er mest tipping, og litt ønsking basert på det eg har lese. Eg blir for eksempel ikkje overraska om Tor Ulven blir med i plassen for f.eks. Bergljot Hobæk Haff. Dessuten kan det jo henda at dei tek med Ingvar Ambjørnsen eller Anne Karin Elstad eller andre "lettare" val. Eller Erik Fosnes Hansen, kanskje? VanskelegUmogleg å vita. Men krimmen trur eg dei let ligga. Håpar det kanskje litt også...
Kven eg tenker meg på kva plass, anar eg ikkje. To av forfattarane som ville vore på mi topp ti-liste er uansett "brukte opp" allereie, nemleg Ragnar Hovland og Frode Grytten.
Eg trur eg ville følgande forfattarar, basert på leseopplevinga der og då, utan etterpåklokt lys. Alfabetisk, så klart:
Erik Fosnes Hansen (Salme ved reisens slutt), Jostein Gaarder (Kabalmysteriet), Frode Grytten (Bikubesong), Ragnar Hovland (Sveve over vatna), Jan Kjærstad (Det store eventyret og/el Jonas Wergeland-trilogien), Karl Ove Knausgård (En tid for alt), Trude Marstein (Plutselig høre noen åpne en dør), Linn Ullmann (Før du sover), Herbjørg Wassmo (Dina-trilogien) og Hanne Ørstavik (Like sant som jeg er virkelig).
Eller noko slikt. Den lista er uansett basert på rimeleg tynt grunnlag. Eg har bare lese 41 av dei hundre bøkene Dagbladet ramsar opp:
Utsikt til paradiset, Ingvar Ambjørnsen
Hav av tid, Merete Morken Andersen
Fantomsmerter, Bjarte Breiteig
Beatles, Lars Saabye Christensen
Halvbroren, Lars Saabye Christensen
På vei til en venn, Niels Fredrik Dahl
For dagene er onde, Anne Karin Elstad
Se deg ikke tilbake, Karin Fossum
Bikubesong, Frode Grytten
Sofies verden, Jostein Gaarder
Kabalmysteriet, Jostein Gaarder
Beretninger om beskyttelse, Erik Fosnes Hansen
Salme ved reisens slutt, Erik Fosnes Hansen
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, Johan Harstad
Salige er de som tørster, Anne Holt
Ei vinterreise, Ragnar Hovland
Sveve over vatna, Ragnar Hovland
Seierherrene, Roy Jacobsen
Forføreren, Jan Kjærstad
En tid for alt, Karl Ove Knausgård
Drømmefangeren, Unni Lindell
Naiv. Super, Erlend Loe
L, Erlend Loe
Plutselig høre noen åpne en dør, Trude Marstein
Sterk sult, plutselig kvalme, Trude Marstein
Skyskraperengler, Tove Nilsen
Få meg på, for faen, Olaug Nilssen
Fatso, Lars Ramslie
Mannen som elsket Yngve, Tore Renberg
Genanse og verdighet, Dag Solstad
Falne engler, Gunnar Staalesen
Som i et speil, Gunnar Staalesen
Skråninga, Carl Frode Tiller
Nåde, Linn Ullmann
Et velsignet barn, Linn Ullmann
Rubato, Lars Amund Vaage
Huset med den blinde glassveranda, Herbjørg Wassmo
Dinas bok, Herbjørg Wassmo
Kvinnen som kledde seg naken for sin elskede, Jan Wiese
Kjærlighet, Hanne Ørstavik
Like sant som jeg er virkelig, Hanne Ørstavik
Førtiein prosent, bare! Kva blir det? D-? Eller stryk, kanskje?
Sukk.
Så mange bøker, så lita tid!