søndag, juli 23, 2006

Fylt - ikkje full - av glede

Eg har eitt ganske spesielt talent.

Ikkje er eg spesielt flink å synga, eller snakka fransk, eller løysa differensiallikningar. For ikkje å snakka om manglande ballteft og elendige lukeparkeringsevner. Èin ting har eg likevel fått:

Eg blir aldri fyllesjuk.

Det er sant! I mitt snart trettiårige liv har eg aldri - aldri - opplevd sjølv alt dette eg høyrer folk prata om etter ein dryg fest eller ein skikkeleg runde på byen. Dundrande hovud? Nei. Kvalme? Nope. Angst? U-uh. Slakk kropp? Niks. Eg søv eit par timar, står opp i rimeleg tid, et frokost og gjer det eg skal få gjort. Enkelt og greitt, utan anna mèn enn litt småhås stemme dersom eg har ropa mykje over høg musikk og dessutan drukke whisky.

Som i dag:
Sovna i halv ni-tida, og vakna av verdas varmaste solstråle i augene cirka halv tolv. Slumra ein halvtime til, før eg stod opp og dusja vekk eit par liter solsvette. I mangel på både brød og pålegg i huset, blei det vafler til frokost (oj, så synd!), før eg måtte ta meg av oppvasken av alle oppvaskar (før han byrja å vandra rundt i resten av leiligheten også...) og vaska ein del klær. Ein liten joggetur blei det også tid til i varmen, før eg hang (og småslumra) i parken med ei bok til utpå ettermiddagen. Buss til Holmlia, og herleg fiskewok, kvitvin og jummi bærdrinkar på terrassen der. Siste buss og tog til sentrum, og ein roleg spasertur gjennom festfylte bygater frå stasjonen og heim.

Kortversjon: Eg har hatt ein Veldig Bra Lørdag (TM).

Flaks, kanskje, at eg tydelegvis ikkje er spesielt disponert for avhengighet. Hadde eg vore det, hadde det kanskje vore litt farleg med alle desse glasa eg kan hella i meg utan å angra på det etterpå... Ei gong eller to i månaden, okei. Men oftare?

Då burde eg heller valt songstemmen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er vel ikke så rart at du ikke blir fyllesjuk hvis du ikke drikker nok til å bli skikkelig full engang! Hvis du klarer å skrive lange ting i blogen etter du har vært ute er du ikke skikkelig full!

Ingvild sa...

Ah, fyllekula har tydeligvis aldri opplevd hvor fantastisk det kan være å skrive når kroppen er full av vin og en er akkurat passe overtrøtt og så fornøyd med tilværelsen at ordene bare MÅ ut!

Litt misunnelig på evnen til ikke å bli fyllesjuk, kan jeg få litt av den?

Ellers; tusen takk for koselig verandabesøk, alltid en sann glede å få disse stundene med deg. Og bærdrinker kan vi gjerne prøve igjen!