fredag, juli 28, 2006

Superskift

Som nemnt, såg eg den nye supermannfilmen Superman Returns, her om dagen.

Så eg bare lurar på eit par ting:
No som telefonkioskane er så godt som forsvunne også i amerikanske storbyar, må Clark skifta til Supermann-trikot i heisen, f.eks. heisen i bygget til Daily Mail. Men: Er ikkje slike heisar oftast videoovervåka? Kor er sikkerhetsvaktene når ein treng dei? Og nokon må då synast det er litt rart at det stadig dukkar opp kleshaugar i heisane og rundt omkring? Svære dressar som passar til ein høg, kraftig mann?

Ein annan ting som skurrar: Clark dukkar opp på jobb etter ein fem års(!) "ferie" som han ikkje sa frå om at han skulle på, og får prompte jobben tilbake(!!) Same dag som han er tilbake, dukkar Supermann også opp.
For det første: Ein tilsett bare forsvinn utan ein lyd, blir borte i fem år, kjem tilbake og får utan spørsmål tilbake sin gamle kontorplass og same stillinga - no questions asked? Sårri, Daily Mail, eg trur ikkje noko på dykk.
For det andre: Ingen legg merke til det "pussige" samantreffet i tid? Sårri, supermannverd, eg trur ikkje noko på dykk.

Og ein tredje: Denne Lois Lane. Er ikkje ho ein erfaren reportar som har jobba lenge i Daily Mail før Clark Kent byrjar? No har det liksom gått fem nye år, og dama er sambuar med ein unge og greier. Likevel ser ho ut som ho er cirka 20 år! Ho er faktisk blitt yngre i den nye filmen enn ho var i den gamle, og skodespelaren er fødd i 1983!

Uff. Eg burde øva meg på å legga igjen hjernen i kinodøra av og til...

Ingen kommentarer: