torsdag, juli 06, 2006

Hot news

Bobla har sprukke, tåka har letta, og eg har gjort ei ny, revolusjonerande oppdaging. Sidan sist eg løfta blikket frå eigen navle og eigen skjerm, har det nemleg skjedd noko. Det er blitt lysare, liksom - og varmare. Folk går i badesko i gatene og et halvsteikt og heilsvidde kjøtstykke til middag. Ute. Parkane er fulle av hud og avisene fulle av tull. Åtte av ti telefonar endar i "dette-er-en-automatisk-beskjed-om-at-jeg-ikke-er-tilbake-på-kontoret-før-i-august"-meldingar, ni av ti mailar ditto.

Så eg har lagt to og to saman. Og trur faktisk at eg skal stå inne for følgande påstand: Det er blitt sommar i Norge. Og i følge sikre kjelder skal dette fenomenet halda seg i minst ein månad til.

Hey folkens! Høyrte de det, eller? Sommar! Who-ho! Kor kult er ikkje det? Sol og sånn! Bading! Henging! Slækking! Bare etter fem, så klart, men kva er vel eit klokkeslett no som det er sommar? Detaljar, detaljar.

Dermed er invitasjonen klar: Dei av dykk som ikkje er hos libanesiske venner i Kanada, på hytta på Sørlandet, hos familie i Bangkok eller brødre i Tanzania , for ikkje å glømma dei av dykk som ikkje bur i Trondheim, Bergen, Vågå eller Finland sånn i utgangspunktet - vil de leika med meg? Bada? Henga? Eta svidd kjøt? Eg har picnicteppe og allslags...

Dessutan er eg ein ræser på å få med meg det som skjer før nokon andre har fått snusen i det. Sommar. Eg bare nemner det.

3 kommentarer:

Ingvild sa...

JAAA! Jeg vil. Men skal vi vente med piknik til det slutter å regne? Bare en idé, lizzm :-)

-lin sa...

Du er no så full av gode idear. Okei då. Det kan likevel bli i dag, for no ser eg ut vinduet mitt at sola kikkar fram igjen! Dette austlandsregnet eig ikkje kondis, vettu.

Ingvild sa...

Helt, helt sant - og en god grunn til å bli boende østpå... Vi får begynne med vin på torsdag, og så ta det derfra :) Kanskje vin I PARK?