tirsdag, juli 04, 2006

I Sofienbergparken

Hi Monica! Lena! Anita! HeLOO! Ah no. She no lookin. She got very nice position. That must be her nice position. Ah! She so pretty! Lookey how pretty!

Til slutt klarar eg sjølvsagt ikkje dy meg. Kven er denne Monica/Lena/Anita-dama, som ligg så lekkert dandert og ikkje gidd ofra dei somaliske gutta boys eit blikk?

Eg kikkar opp frå boka mi.

Og ser rett inn i seks par mørkebrune auger.
Woha! She look! She even more pretty when smile. Hi! You so beautiful shape! You smile so good!

Heretter kan de bare kalla meg Monica.

Ingen kommentarer: