Ping- og kvitvin
Som kjent diggar eg pingvinar av alle slag. På film eller barne-tv, i Bergen eller Antarktis, som snop eller forlag - eg blir varm om hjartet og diggediggediggete i heile meg så snart ein pingvin entrar bildet.
Då eg budde i Seattle, kjøpte (og åt) eg av og til pingvinbombomar med mintsmak og koffein. Den gulsvarte, halvpsykedeliske øskja med bildet av ein pingvin er ein av dei få suvernirane eg har med meg derfrå, og eg blir like glad kvar gong eg tilfeldigvis kjem over ho i skuffa der ho oftast ligg (utanom no då, kor alt flyt og ingenting ligg "der det oftast ligg").
Stor var derfor gleda då eg tilfeldigvis snofla over denne nettsida i dag. Pingvinbombomane finst på nett! Dei har til og med fått nye smakar sidan sist! Sjokolade! Og tyggi med kola- og citrussmak! Som kan bestillast på nett! Det var like før eg bestilte opptil fleire pakkar, så kjekt var det å finna att seattlepingvinen frå den tida eg sat heile natta på Odegaard og skreiv papers om internasjonal politikk og freudiansk seksuallære, sju, seks, fem, få timar før absolutt deadline klokka åtte.
Men så besinna eg meg, som den shoppingsinka eg jo er. 160 kroner i sjokolademintpastillar er kanskje litt vel drøyt - trass at det er "less than 2 calories per mint" and at "they are Fat-Free"... Men neste gongen eg er i traktene skal eg definitivt stock up - eg lovar!
Til dess kosar eg meg med denne artikkelen, som eg også snofla over ganske tilfeldig, også i dag. (Søndag 23. juli - pingvindagen!)Tenk deg: pingvinar med strikka sjakettar! Sååå søtt! Og trist, så klart, når ein tenker over grunnen.
Men det gidd eg ikkje akkurat no.
Kall meg gjerne kaldhjerta. Men etter å ha skrive det mest gjennomlinka innlegget her nokonsinne, har eg skjenka meg sjølv eit lite glas kvit pappvin, og har planar å nyta det saman med eit stykke av den herlege kremostbrownien eg laga tidlegare i dag, før sykkeltur og diverse. Utan miljøsamvit. Med herlege pingvinbilder på hjernen, og Jenny og Watsontvillingane på øyret:
What are you changing?
Who do you think you're changing?
You can't change things.
We're all stuck in our ways.
It's like trying to clean the ocean.
What do you think, you can drain it?
(Frå "Rise Up With Fists" på albumet Rabbit Fur Coat)
1 kommentar:
Kan jeg smake sånn kake? Kan jeg, kan jeg? Nam... Pingvinbomboner høres også godt ut, kanskje de har det i en av de butikkene i Oslo som selger amerikanske ting? Den i Vika, for eksempel. Eller Deli. Hmmm, må nok kjøpe Oreos i morgen...
Legg inn en kommentar