tirsdag, juli 11, 2006

Opp i Oslo, ned i Nepal - eller omvendt

Eg er ute og går. Aleine, som vanleg. Folk er i utland og sørland, fjellheim og fjordarm, og høyrer bare frå seg med eit dobbeltpip og "du kan tro vi har herlige dager her på hytta!" innimellom.

Greit det. Eg trivst godt i eige selskap, og tek gjerne ein tur ut i den sommarvarme byen. Eventuelt i småregnet, som i dag. Gode sko og godt driv, musikk på øyret eller tankar i hovudet, augene opne for livet og folka.

I dag også øyrene. Heldigvis. Då eg runda eit hushjørne, og bevegde meg forbi to opne vindauge i første etasje, fekk eg meg nemleg eit nostalgisk gjenhøyr med godaste Jack.

Who's to say
What's impossible
Well they forgot
This world keeps spinning
And with each new day
I can feel a change in everything


Og bom!, der sto eg. Heilt stille midt på fortauet, langt vekke i mi eiga verd.

I Katmandu, for å vera nøyaktig. Ironisk nok, i grunnen, i og med at Jack neppe har vore der nokon gong, og neppe har tenkt å halda konsert der med det første, heller. Faktisk har han vel omtrent ingen verdas ting å gjera med verken Katmandu eller resten av Nepal.

Bare i mi verd.

I want to turn the whole thing upside down
I'll find the things they say just can't be found
I'll share this love I find with everyone
We'll sing and dance to Mother Nature's songs
I don't want this feeling to go away


Platebutikken i Katmandu. Ein av fleire, men tilfeldigvis den som låg nærast då eg vart overraska av det plutselege straumkuttet som gjorde heile byen svart på eit blunk den første dagen, noko eg sidan skulle læra at bare var heilt ordinær straumrasjonering, og ikkje noko å bry seg om. Gutten i butikken hadde eige aggregat, så då straumen gjekk i resten av gata, kunne han framleis ha på både lys og musikk, og sat der som kongen av Thamel, sytten år med stort smil og dårleg skjult stolthet, søt som bare det.

- Kva musikk likar du?
- Tja, litt av kvart. Kjem an på kva du har det.
- Eg har Elvis, og Shakira, og tibetanske bønesongar... og... masse anna! You want? You like? I find!
- Overrask meg!


Og der, midt i Thamel, i Katmandu, i Nepal langt vekke frå heime, drog guten fram Jack Johnson. "Noko heilt nytt, nettopp kome frå England, eller Amerika, eller kanskje Australia? Er du australsk? Det er mange frå Australia her no. Det er visst sommar der på denne tida".

Who's to say
I can't do everything
Well I can try
And as I roll along I begin to find
Things aren't always just what they seem


Absolutt ikkje. Definitivt ikkje som dei ser ut. Midt på sommaren, i feriesløve Oslo, på ein litt regnvåt dag i juli, kjem Katmandu snikande. Og seier hei! du! Har du glømt meg? Du som lika meg så godt? Som surra rundt i gatene mine og nøyt stilla etter bråkete og varme India? Som las gode bøker og samla krefter og var fullstendig aleine for første gong på lenge - så lenge at du til og med rakk å kjenna på melankolien? Koss kunne du gløyma meg?

I can feel a change in everything
And as the surface breaks reflections fade
But in some ways they remain the same
And as my mind begins to spread its wings
There's no stopping curiosity


Men kjære Katmandu. Kjære Nepal, og kjære India.

Eg har ikkje gløymt dykk. På ingen måte. Det er bare det at eg ikkje er noko flink å halda kontakten. Det er så mykje som er annleis her i nord. Folka. Fargane. Luktene. Folka aller mest. Her kjenner eg folk, og dei kjenner ikkje dykk. Dei forstår ikkje dette med lukta av karri og kumøkk, safrante og fruktsalat med heimesurna yoghurt. Dette at lufta er annleis, og avstanden mellom menneske ein annan. At bønneropa drønnar i frå alle templa, og alt føles annleis.

Eg prøver å forklara dei. Dreg fram bilda, av og til, dei fysiske eller dei mentale. Men ser fort at det ikkje nyttar. Dei gjespar diskret, nikkar fråverande hm-m, og planlegg middagen i hovudet så snart eg set i gong. Eg klarer visst ikkje vera den vennen eg burde vera, som klarer å halda dykk øvst i medvitet sånn i det daglege. Som fortel om dykk på ein god og fengande måte, som yter dykk den rettferda de fortener.

Men det betyr ikkje at eg ikkje vil!

This world keeps spinning and there's no time to waste
Well it all keeps spinning spinning round and round and

Upside down
Who's to say what's impossible and can't be found
I don't want this feeling to go away


Takk, Jack. For å minna meg på at Katmandu finst. At det skjedde. Eg var der, og det var bra. Aleine, som no.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ooooh, Jack! Som minner meg om deilige nerdete lingvistikk-tid, om julebord med lingvistikk-jentene der invitasjonen var skrevet med lydskrift (but of course!) - og en kveld med deilig mat og rødvin og lingvistikkhumor og, mot slutten av kvelden, sms fra kjekk ung mann om at han nettopp var kommet til byen og kanskje vi kunne treffes, hvilket vi gjorde... I det hele tatt. Jack. Jeg har den nye cd-en i bilen, dvs den med Curious George-sangene på, og her om dagen sang jeg lett med til "Reduce, reuse, recycle"-sangen... :)

Drar til Afrikaland i morgen. Dvs, avreise hjemmefra om to timer. Er ikke trøtt i det hele tatt. Bagene er pakket, bok til flyet valgt ut, klær lagt fram... Håper forresten du fikk sms fra meg om at jeg ikke skal på festival, men at huset er deres hvis dere vil feriere? Nøkkel hos venninne med vanningsansvar, bare send meg en en sms eller mail. Oki? Er tilbake i landet i august. Kanskje vi kan prøve å treffes da? :D JAAAA!!

Ingvild sa...

"Dei gjespar diskret, nikkar fråverande hm-m, og planlegg middagen i hovudet så snart eg set i gong" - som jeg kjenner det igjen! Har hatt samme opplevelsen mange ganger, og har det fortsatt. Det er vanskelig å få andre til å forstå når de ikke vet hvordan det lukter, føles, og høres ut... Bilder strekker ikke til, og ikke ord heller. Men det viktigste er jo nettopp å bli minnet på følelsen av å være akkurat det stedet akkurat da - og det glemmer du aldri! Tante reisende ingling

-lin sa...

th-: Eg er sjølvsagt ikkje misunt på deg fordi du er i Afrika. Neidå! Håpar du tek masse bilder - eg meiner det faktisk når eg seier at eg har lyst å sjå dei (okei, kanskje ikkje absolutt alle viss du tek veldig mange).

Ingling: Dette prata me litt om i går, så eg skal ikkje tværa det ut. Såg ein del på India/Nepal-bilda mine her om dagen, og konkluderer vel med at det ikkje gjer så mykje om eg ikkje kan/klarer å dela turen med alle andre. Det bare kjennes litt rart av og til.

-lin sa...

Forresten er eg kjempeklar for å treffast frå august og utover, frøken afrikafarar! Flyttar første helga i månaden, og driv nok med fikse-og-ordne-relaterte ting den andre helga også. Men så! Har definitivt planar om ein fest, og no som me har tre rom, er det god plass til overnatting.

Meir informasjon følger!