Krinsar
I går byrja eg på ei kjempebra bok, Krinsereglane av Edmund Austigard.
Og i morges fekk eg mail av Edmund!
Det har jo hendt før, så klart, at eg har lese ei bok, og så mailar eller ringer eg med forfattaren rett etterpå. Men då er det alltid eg som tek opp kontakten, oftast i mailar eller telefonintroduksjonar av typen "hei, eg heiter tralala og er journalist i bladibla og lurte på når det passar for deg å bli intervjua om boka di?"
Det som er nytt, er at Edmund Austigard, forfattar av den veldig gode boka Krinsereglane, skreiv til meg om noko heilt anna! Rett nok hadde det noko med bøker og slikt å gjera, sidan han er (fann eg ut) direktør i Forlagssentralen, og lura på noko eg hadde skrive om noko forlagsblabla. Men Krinsereglane nemnte han ikkje med eit ord.
Det gjorde derimot eg.
Eg svara på det han eigentleg lura på, og meir til, og takka fint for innspelet, før eg - i beste småpatetiske, idoldyrkande "jeg-møtte-sissel"-stil la til eit par spørsmål for eiga rekning. I eit PS, faktisk. (Uhm, nemnte eg patetisk?)
"Er du den Edmund Austigard som har skrive Krinsereglane? Eg har nettopp starta på ho, og likar ho kjempegodt, og er sikkert omtrent your biggest fan eller noko og wow og tenk at du skreiv til meg sånn heilt tilfeldig om noko heilt anna men du har vel tenkt å skriva fleire bøker for det håpar eg verkeleg og lukke til og stå på og aldri gi deg og eg håpar verkeleg at du la merke til at eg skriv nynorsk eg også sjølv om eg ikkje brukar det i jobben og kanskje likar du meg litt betre no som du og eg liksom har noko til felles?"
Sånn omtrent, i alle fall. Kanskje minus litt.
Så høyrte eg ikkje noko. På lenge. Så lenge at eg nesten byrja lura litt på om eg hadde skrive noko feil i første del av svaret mitt - det som handla om det han eigentleg lura på. Kanskje burde eg konsentrert meg meir om det enn om wow-tenk-at-eg-tilfeldigvis-les-og-likar-boka-di-akkurat-no-delen?
Men nei. Til slutt, langt utpå ettermiddagen, kom svaret. Vennleg og sakleg om alt forlagsblablagreiene, og så litt om Krinsereglane. Akkurat kva han sa, skal eg ikkje vidareformidla her. Det er jo ikkje det som er poenget.
Poenget er jo at han skreiv til meg! Først!
Eg gler meg til å la brevvennskapet blomstra. Edmund og eg, eg og Edmund. Helst utan varmgang i skolten.
2 kommentarer:
Hehe, så gøy:-) Jeg hadde en lignende opplevelse for noen år siden, da jeg jobbet i bokhandel ved siden av studiene. Jeg hadde akkurat lest "Den veven av hendelser vi kaller verden" av Simon Stranger, og var overvettes betatt og begeistret. Det var ikke mange debutanter forunt å nærmest få et eget lite torg viet sin ferske bok i vår butikk, men Simon ble behørig anbefalt alle kunder, og det tok ikke lang tid før vi hadde en liten Stranger-kult på bakrommet. Og en dag stod det en ung mann ved disken og spurte etter en bok. Jeg husker ikke hvilken, men jeg dro kjensel på ham - og jammen var det ikke selveste Simon. Jeg klarte ikke å dy meg, men måtte uttrykke hvor glad jeg var for at han hadde skrevet akkurat den boka og hvor fin, vakker, underfundig og klok jeg synes den var. Og så viste jeg ham torget og nevnte salgstallene. De var slett ikke verst, skulle likt å se hvem som kunne matche oss! Og han ble så glad! Ikke ennå korrumpert av journalister og forleggere som slikket ham oppetter ryggen, synes han det var riktig stas at en liten bokhandlerjente skrøyt av hans lille bok. Jeg tror det er viktig å si i fra når vi synes noe er bra!
Mm. Du har nok rett om det med rosen. Edmund blei nok litt overvelda akkurat der og då, trur eg, men meir fordi det var uventa enn fordi eg skreiv noko "dumt".
For øvrig forstår eg jo at må få lest denne Stranger-boka!
Legg inn en kommentar