lørdag, mars 04, 2006

Fra hand til munn - a tribute

Paul er mannen. Eg har visst det heilt sidan den forste gongen eg motte han, representert med Herr Hogdeskrekk, i nye boker-hylla pa Time bibliotek. Det er mange ar sidan. Etter det har eg hoyrt han fortelja om uteliggarar i New York, hundelivet i Timbuktu, daarskapen i Brooklyn, gamblarar og filmmakarar, og lidd meg gjennom landet av dei siste tinga. Blant anna.

Men sjolve Paul har liksom unngatt meg. Rett nok har eg lete meg interessera, til og med fascinera, av inskripsjonar "til Siri", og lese hennar boker med hans i bakhovudet, i full forstaing av at dei ofte fortel same forteljinga pa kvar sin mate. Eg har lese intervju med han, og artiklar av han. Men djupare har det ikkje stukke.

Foer no. Dei siste par kveldane har det vore han og eg pa takterrassen saman, i det blafrande oljelampelyset medan Kathmandu plutselig har bestemt seg for a spara pa straumen og verda ligg svart og mork, avbrotne bare av ein og annan selskapssjuk moll. Og for eit selskap!

Det er som a ga inn i ei anna verd. Anna enn Kathmandu, sa klart, men ogsa annleis enn dei andre verdene eg kjenner. Ei slags frisone mellom fakta og fiksjon, kor fantastiske ting -like fantastiske som i dei andre bokene- plutseleg bare skjer ogsa i "det verkelege livet". Eg, som absolutt ikkje likar sjolvbiografiar, er fullstendig hekta. Det er nesten skuffande nar straumen kjem tilbake, og eg innser at eg no kan gjera andre ting ogsa. Skriva mailane eg burde ha skrive for lenge sidan. Lada poden for bildemottak. Eta middag. Planlegga morgondagen (skal eg pa fjelltur? - i tilfelle kor?).

Trivia.

Er overraska over meg sjolv. Den sterke fascinasjonen. Sa ulikt meg. Framleis ute av stand til a setja fingen pa kvifor. Det er framleis bare ein sjolvbiografi, sjolv om han tilfeldigvis er skriven av ein av favorittane mine!

Men trur kanskje dette har noko med det a gjera:

"Becoming a writer is not a 'career decision' like becoming a doctor or a policeman. You don't choose it so much as get chosen, and once you accept the fact that you're not fit for anything else, you have to be prepared to walk a long, hard road for the rest of your days."
Paul Auster, From Hand to Mouth

Bladet fra munnen, ikkje handa. Ei forklaring, enda sa platt det kanskje verkar. Pa kvifor eg ikkje skal skriva den der romanen folk driv og masar om. Pa kvifor eg ikkje kan, ikkje eigong om eg hadde villa. Eg kan ikkje velja det sa lenge eg ikkje er utvald, seier Paul (og mange med han, det veit alle som har brukt delar av karrieren sin pa a intervjua bade uberpretensiose unge debutantar og hakket meir audmjuke yrkesforfattarar).

Og det er greit! Fekk nett vita at eg har sikra meg sommarjobb i KA, skal henga rundt i forlaget til dess, og satsar pa at det ordnar seg for meg ogsa etter sommaren. Noko dukkar nok opp. Ikkje inspirasjonen til Den Store Norske Romanen basert pa Den Viktige Danningsreisa Kor Eg Fann Meg Sjolv I India Og Nepal. Men noko anna.

Noko bra!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for kort! To postkort fant jeg i postkassa mida jeg kom hjem i natt og knapt klarte å låse opp døra fordi det var skremmende 17 minudgrader... :) Moro da å få kort fra en helt annen verden, med sol, varme og, tydeligvis, utrolig kjekke menn...! Takk & takk!

Skulle du forandre mening om å skrive den Store Norske Romanen, har forøvrig både Cappelen og andre forlag konkurranser i gang for tida. :)

PS: KA?

-lin sa...

Viss nokon av oss skal skriva nokon Stor Roman, er det du, ikkje eg, froken! Kor blir det forresten av denne bloggen du (nesten) lova meg?

KA er kodenamn for avisa eg jobba i foer. Ikkje den pa Jaeren, sa klart, men den i Oslo. You know?

Er ikkje sikker pa om eg akkurat lengtar tilbake dit, men noko ma ein jo gjera pa her i livet, og der er det i alle fall greie kollegaer, noko som er mykje meir enn ein kan seia om mange andre stader... plassen eg var innom no sist, for eksempel, den pa glansa papir...

Anonym sa...

Aaaah, trur faktisk jeg skjønte hva KA står for også. Følte meg veldig intellektuell. Helt til jeg skulle skrive det ordet og begynte å lure på om det var to, tre eller fire l'er...!

Jeg skal selvsagt skrive en Stor roman en dag. Ambisjoner må man ha, men kanskje jeg starter med en liten en. Sånn for å akklimatisere meg. Og blogg... tja. Kanskje. En dag.

Og apropos det - minus 16 er veldig vanskelig å akklimatisere seg til. Uansett hvor mye accesoirer (skjerf x 2, vanter, lue) jeg hesjer på meg, så er og blir det bitende kaldt her.

Glansa papir-plassen driver med slanking for tida, forresten. Hver uke en ny lykkelig historie på forsida. Jeg savner fortsatt reportasjen om de dansende bikkjene.

-lin sa...

Du veit, det er akkurat det som er problemet med den glansa pressa: folket onsker dansande hundar, men faar dei det? Neida! Men slanking - det er det alltid plass til...

Eg har ikkje ord for kor glad eg er for at eg aldri aldri aldri skal jobba der igjen. Aldri!