mandag, juli 03, 2006

Ja, jag vill leva, jag vill dö i Norden.

Aller helst leva, sånn førebels.

Men med pollenvarsel med utelukkande fareraude gras-G'ar sør for Trøndelag, spørs det om det går.

"Norden" ligg tydelegvis ikkje langt nok nord.

Ein må til den aller nordlegaste Norden, over polarsirkelen, før det vert leveleg.

Til nydelege Lofoten, kanskje, eller til nattelyse Tromsø. Tilbake til karrige, kjempefascinerande Berlevåg, kor ein et steikt fisk omtrent midt på natta, og kan leiga rom hos han Trygg og ho Åse uti Kongsfjorden, eller innom ein av dei mange andre plassane eg aldri har besøkt, men som står på lista over stader eg skal oppleva før eg døyr.

Og det var altså dette med døyinga eg gjerne ville ta opp.

Eg er ikkje klar enno. Spesielt ikkje for ei sånn langpining som denne, dag etter dag, natt etter natt. Det er nok no. Eg gidd ikkje endå ei natt med kløing og nysing og kløing og snotting og meir og meir kløing i augene, nasen, øyrene og svelget!

DÖ KLØ, DÖ!

Sårri, kløe. Du må . Du ba faktisk nesten om det. Norden er ikkje stort nok for oss begge.

1 kommentar:

Ingvild sa...

Så enig, så - host, nys, klø - enig. Forbannet være pollen. Jada, jeg skjønner at det har en plass i naturen og alt det der. Men det klør!!! Svalbard, anyone? NÅ?