lørdag, juli 29, 2006

Intervjuguide

Kjære intervjuobjekt

Bare eit par tips til deg som er fersk i (medie)verda, og dermed litt usikker på koss du skal te deg i møtet med ein journalist:

1) Det er ikkje spesielt taktisk å starta heile intervjuet med ein lang, aggressiv tirade om alt journalisten absolutt ikkje "får lov" å skriva om - før ho har rukke å stilla så mykje som eitt spørsmål!

Det einaste du oppnår med ein sånn taktikk, er sure journalistar som ikkje får lyst å skriva noko i det heile. Eg har kollegaer som konsekvent bare går frå heile intervjuet i slike situasjonar, og kan ikkje seia anna enn at eg fekk veldig lyst å gjera det same sjølv i dag.

2) Det er sjølvsagt lov å seia at "akkurat det har eg ikkje så lyst å svara på - kan me fokusera på noko anna". Men vent på spørsmålet først!

Kanskje hadde ikkje journalisten tenkt å vinkla på den (for deg) verst tenkelege måten i utgangspunktet - med den aggressive forbodstaktikken gir du ho bare lyst å gjera det likevel. Igjen: eg har kollegaer som konsekvent gjer akkurat det dersom dei blir møtt med paranoide kontrollfrik-objekt.

3) Punkt 1 og 2 gjeld i enno større grad viss du er ukjend, for eksempel debutant. Du treng journalisten meir enn ho treng deg, så viss du ikkje klarar stola på at ho gjer arbeidet sitt, er det sikkert like lurt å seia beint nei til media. Det er enklare for begge partar.

Okei? Ingen spørsmål? Alt er klart og greitt?

Bra!

Då reknar eg med at vårt neste møte blir kjekkare. For oss begge.

Lukke til!

Med vennlege helsingar, journalisten

Ingen kommentarer: