Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg

onsdag, januar 25, 2012

Den kalde songen

Det har vore eit bratt år så langt. Seigt og mørkt og vanvittig slitsamt. Kaldt.

Eg ikkje bare trur at Klaus Nomi ville ha kunna relatera til det.



What Power art thou,
Who from below,
Hast made me rise,
Unwillingly and slow,
From beds of everlasting snow!

See'st thou not how stiff,
And wondrous old,
Far unfit to bear the bitter cold.

I can scarcely move,
Or draw my breath,
I can scarcely move,
Or draw my breath.

Let me, let me,
Let me, let me,
Freeze again...
Let me, let me,
Freeze again to death!


(Men, for ordens skuld før nokon ringer Gaustad, eg er laaangt frå suicidal, altså. Bare blå. Kald. Stiv. Uvillig.)

mandag, august 22, 2011

Och vi fortsätter växa fast han förblir 16 år

Så går tida. Så blir det betre. I små rykk og napp.

Likevel. Noko treff rett i kjernen. Som Melissa Horn, på minneseremonien i går.

Melissa Horn - Kungsholmens Hamn
Jag ser ljusen som tänds i parken vid Kungsholmens Hamn
Jag ser pojkar som gråter och flickor som tar de ihand
Jag ser mannen på balkongen ta en tyst minut för sig själv
Det kan aldrig göras ogjort det där som hände ikväll

Är du en av de som var där när det hände
Eller saknade du någon du en gång trodde du kände
Är du en av de som gråter när ingen ser på
Är du en av de som berörs ändå

Jag ser mig i spegeln med ögon röda av gråt
Jag tänker hur gick det till hur bar de sig åt
Min lillebror går ut och vi vet aldrig vart han ska
Jag blir så rädd när jag tänker att det kunde vart han eller jag

Aldrig mer ung eller aldrig mera fri
När det handlar om barn har vi rätt att ta någons parti

Men ni vet hur det känns när röda ögon ser svart
Och jag sänder en tanke till dig som ligger sömnlös inatt

Alla som vill ta en stund och fundera
När ska vi göra mod av sorgen och börja agera
Nu städar man gatan och snart försvinner alla spår


Jag ser ljusen som tänds i parken vid kungsholmens hamn
Jag ser pojkar som gråter och flickor som tar de ihand
Jag ser mannen på balkongen ta en tyst minut för sig själv
Det kan aldrig göras ogjort det där som hände ikväll
Nej, det kan aldrig göras ogjort det där som hände ikväll

søndag, juli 24, 2011

Mitt lille land



Mitt lille land
Et lite sted, en håndfull fred slengt ut blant vidder og fjord

Mitt lille land
Der høye fjell står plantet mellom hus og mennesker og ord
Og der stillhet og drømmer gror
som et ekko i karrig jord

Mitt lille land
Der havet stryker mildt og mykt som kjærtegn fra kyst til kyst

Mitt lille land
Der stjerner glir forbi og blir et landskap når det blir lyst
mens natten står blek og tyst


Eg hadde tenkt å skriva noko meir. Har nok behov for det òg. Men no ser eg at eg ikkje orkar likevel.

mandag, april 26, 2010

Främling!

Oooh!

Eg trur eg bare kjøpa denne t-skjorta.

Där bortom himlen finns som kjent en evighet - om du vill upptäcka den här med mig.

(Eller, kanskje ikkje her. Veit det er "litt" stilt her om dagen. Meir gang på barnebloggen, som nemnt sist).

onsdag, juni 10, 2009

Total Eclipse, indeed

Heile verda har sikkert sett denne allereie, men dersom det finst nokon der ute som f.eks har site i ei permisjonshule dei siste månadane, som meg, er det likevel verdt å tipsa om:



Moro, moro!

onsdag, april 30, 2008

Barmhjertige Jesus!

Jada jada, det er mogleg eg bare er hormonell og greier. Men er det mogleg å ikkje bli rørt av dette innslaget?



Pie Jesu, barmhjertige Jesus, indeed!

onsdag, april 09, 2008

Songquiz del 2

Ok, sidan eg er verdas mest generøse, og dermed forstår at det føltes urettferdig at forrige konkurranse kom utan at alle to som pleier lesa denne bloggen var til stades, har eg bestemt meg for å legga til to nye spørsmål.

Blir det ingling som vinn igjen, er ho den ubestridne musikkguruen, vinn nokon andre (that's your cue, th-!), kan tittelen delast.

1) Kva song er dette og kven syng?


2) Og dette?

Som sist kan ein klikka på bilda for å få dei større.

mandag, april 07, 2008

Songquiz

På tide med litt interaktivitet her, for anledningen i form av ein (ikkje spesielt vanskeleg) gjettekonkurranse.

Klar? OK!

1. Kva song refererer dette bildet til, og kor er songen henta frå? (klikk på det for å få det større)


2. Og dette?


3. Og dette?


Svar i kommentarfeltet. Premien er tillatelse til å kalla seg musikkguru i ei heil veke frå no. Eller noko.

torsdag, mars 13, 2008

Kjekt skogsbesøk!

In other news kan eg melda om at Alanis kjem til Norwegian Wood i år.

Hurra!

Det har eg lyst å få med meg!
Må bare sjå til å få avklart dette med feriar først - eg har ambisjonar om fri (!!) i løpet av sommaren i år, gjerne i juni/tidleg juli, avhengig av Lyslugg sine forpliktelsar. Er me vekkreiste, passar det sjølvsagt dårleg med skogturar.

Oppdatering: No fann eg ein ny video med Alanis også. "Underneath" er første singel ut frå plata "Flavors of Entanglement", som kjem i juni.

tirsdag, januar 29, 2008

Tenåringsgraviditet? Jatakk!

I serien "-lin legg lista lågt men skriv i alle fall noko", kan eg i dag presentera...

--- trommesolo ---

ein film!

Meir konkret fire gongar Oscar-nominerte Juno, som har førpremiere i Oslo på Gimle filmfest lørdag, og sikkert kjem på vanleg kino ei veke eller to etter det.

Søt film!

Temaet - gravid tenåringsjente som vurderer abort men feigar ut - høyres kanskje ikkje så komisk ut, men det er det. Mest på grunn av herlege ordspel - høyr for all del på det dei seier i staden for å lesa tekstane! Dessutan er lydsporet nydeleg - eg har planar om å kjøpa CDen så snart eg rekk innom ein platebutikk.

Her er traileren:



... og her er ein av songane. Ikkje favoritten min, men representativ for sjangeren:

mandag, november 05, 2007

Som to dropar

Hm. No har eg fått ikkje ei, men to meldingar frå meir eller mindre perifere kompisar som vil eg skal sjekka ut denne videoen:



Ingen av dei kjenner kvarandre, men begge hadde same poenget, her formulert av den eine: "du bare MÅ se, for du er KLIN lik hu dama i videoen!"

Så om nokon lurar på koss eg ser ut, ligg fasiten her. Plystra kan eg også.

onsdag, oktober 31, 2007

Å joda, absolutt noko

Nemnte eg at eg har fantastiske venner? Eg gjorde det, sant? For det bør nemnast, igjen og igjen.

* Ahem. Drumroll, pleeease: *

Vennene mine er BEST! Betre enn det! BESTAST!

Koss skulle eg elles fått meg billett til Kent-konsert, kanskje? Eg, som knappast hadde fått med meg at dei skulle til Oslo ei gong før billettane var vooosj vekk?

Enter venninne med forbindelsar, og vips! Billett likevel!

Hipp hipp hurra!



Ingenting
Först kom ingenting
Sen kom ingenting
Sen kom ingenting
men ingenting är (ingenting, inget, inget)
De jävlarna tog oss
en efter en
De ljög och bedrog oss
med sanningen
De jävlarna tog min älskling där
Från krönet av kullen kan jag se
min förlorade värld

Jag ska göra nånting
Jag ska slå er med häpnad
Gå över en gräns
Jag ska bryta mig ut
Jag älskar dig så
som att vara beväpnad
Och under belägring kan jag skjuta dig ut

Ingenting
Först kom ingenting
Sen kom ingenting
Sen kom ingenting
men ingenting är (ingenting, inget, inget)
De jävlarna tog oss
en efter en
De ljög och bedrog oss
med sanningen

De jävlarna tog min älskling där
Från krönet av kullen kan jag se
min förlorade värld

torsdag, juni 14, 2007

Til skogs!

Du huskar Tori? Både at CDen var bra og at ho skulle koma til den norske skogen?

Vel, etter det har følgande skjedd:
1) Eg vil på festival, og spør mange om dei vil gå med meg. Tori, jee!
2) Folk seier nei. "Ikkje råd" osv. Folk, buu.
3) Eg er usikker på om eg skal gå aleine, og bestemmer meg for at ja, det skal eg. Jeee!
4) Eg oppdagar at eg har kveldsvakt, og dermed ikkje kan gå likevel. Buuu!
5) Eg klarer å overtyda redaktør og reportasjeleiar om at ein festivalreportasje frå Tori-konserten er akkurat det fredagsavisa treng. Jeeee!
6) Rep-leiar ringer torsdag morgon og har ombestemt seg. Eg må laga rep på noko anna, Tori utgår. Buhuuu!
7) Redaktør ringer torsdag ettermiddag med dårleg samvit, og gir meg gratisbillettar utan at eg treng skriva noko til avisa! Jippi-ai-ai-jippi, jippi-aaai!

Eg er med andre ord one happy camper akkurat no.

Til skogs!

________________________________________________
Oppdatering seint same kveld:

________________________________________________
Jee! Konsert! Med Tori!

For øvrig viser det seg at det eg trudde var ein billett, var ein billett for i dag og eit pressepass for heile festivalen. Travis søndag, anyone?

onsdag, februar 21, 2007

HisTori repeating

Gladnyhet!

Tori kjem til den norske skogen!

Akkurat som for to(?) år sidan, og det er eitt av dei beste norske sommarminna eg har frå det året. Så gjett kor eg skal vera torsdag 14. juni i år?

Frognerbadet!

mandag, november 20, 2006

Klisjeorama

Eg sit her, på jobb, ein mørkgrå kjipismandag, då følgande praktstykke av ein song (av Boyzone, ja!) heilt uventa dukkar opp og festar seg fremst i hjernebarken. På repeat:

"I'm sorry"
It’s all that you can say
Years gone by and still
Words don’t come easily
Like "sorry" "forgive me,"
Is all that you can say
Years gone by and still
Words don’t come easily
Like "forgive me"
Forgive me..

But you can say, baby
Baby can I hold you tonight?
Baby, if I told you the right words
Oooh, at the right time
You’ll be mine

"Baby Can I Hold You Tonight" av og med Boyzone

Og eg bare lurar på noko:
Heilt ærleg, på ein skala frå 1 til 10 - kor alvorleg er det fatt med meg?

12?

Uff. Det var det eg mistenkte. Ikkje bare kan eg teksten - eg veit ikkje eigong kva eg har å vera så frykteleg sorry for.

Utanom songen, kanskje?

tirsdag, september 26, 2006

a poor wayfaring stranger

Eg pleier fokusera på bøkene. Ramsa dei opp i margen (sjølv om eg ser det er lenge sidan no. Det får uansett venta. Harkje tid), og skriva ned utdrag eg likar av og til. Tenka i ord, som den ordgytaren eg jo er.

Men no skal det handla om musikk. Eller, "handla om" og "handla om". Eg skal vitna litt, tenkte eg.

Om Kristin Asbjørnsens fantastiske - fantastiske! - "Wayfaring Stranger - a Spiritual Songbook".

Du må høyra på! Eg meiner det! MÅ! Okei? Eg har ikkje så mange gode ord til å forklara kvifor, men likevel. Nettopp derfor! Det er så fint, og nært, og sårt, og sterkt, og djupt. Og akkurat det med djupne er jo nesten pinleg å prata for høgt om, så klart. Nærhet og sårhet og styrke og alt det der også. Og det er jo noko av det fantastiske. Dette at det finst ein måte likevel, utan at det blir for mykje. For nært og tett - før det blir klamt. Eg er jo ikkje spesielt oppteken av verken jazz eller spirituals eller nokon av boksane plata kan plasserast i, men likevel (igjen): Eg har falle.

i'm on my way
to caanan land
glory hallelujah
i'm on my way
i'm falling and i'm rising
i'm on my way

torsdag, september 21, 2006

even when I numb myself

Uff. Kva er det å seia?

At det er haust ute? Bekmørkt og surkaldt? ... At det har vore ein sånn dag på jobb - og at jobbedagen framleis varer? ... At eg framleis svever i uvissa om ein jobb eg har søkt på, og at det ikkje er noko godt teikn? ... At eg lengtar langt vekk, og allereie no, i september!, kjenner at eg ikkje har hatt sommarferie? ... At eg seier og gjer idiotiske ting, er hårsår og kjip og sur og lei, og skyv dei som er dumsnille nok til å bry seg endå lenger vekk?

that I would be good even if I did nothing
that I would be good even if I got the thumbs down
that I would be good if I got and stayed sick
that I would be good even if I gained ten pounds

that I would be fine even if I went bankrupt
that I would be good if I lost my hair and my youth
that I would be great if I was no longer queen
that I would be grand if I was not all knowing

that I would be loved even when I numb myself
that I would be good even when I am overwhelmed
that I would be loved even when I was fuming
that I would be good even if I was clingy

that I would be good even if I lost sanity
that I would be good
whether with or without you



At eg er så uendeleg utilstrekkeleg.
Og at det er det aller verste.

lørdag, september 02, 2006

Om du var här

Det er visst blitt helg igjen. Eg har ete sushi og drukke vin, skravla med venninne og sett film. Sjelebot. Første frikvelden på veldig mykje lenger enn eg kan huska - kjenner eg bruker lang tid på å landa.

Men no er kvelden over. Eg er heime. Sykla gjennom dei mørke gatene (er det verkeleg allereie haust?!), tok trappene opp i sjuande, og låste meg inn i den tomme leiligheten. Skal vera aleine heime i helga, for første gong sidan me flytta hit.

Rart. Eg har jo budd her, sove her, jobba her i ganske mange veker no. Sett kjøkkenet veksa fram, forhalde meg til rotet i stova. Kikka ut over neonlysa i byen, med tekoppen i handa. Stått på balkongen og lytta etter toga.

Likevel - sjølv om det for lengst burde vera kjend, til og med kjært, å vera her - kjennest det mest rart. Ikkje einsamt, direkte, men rart likevel. Uvand, kanskje? Treng ikkje vera meir avansert enn som så. Alt er ikkje dramatisk.

Men eg tenker på det. Gler meg til ein slags "normalitet". Til å vera her, saman, utan å vera det bevisste. Utan stadig vekk å måtta gjera noko. Fiksa. Ordna. Saga. Montera. Skru og pussa. Til me bare bur her. Er til stades.

I lag.

Denne er til deg, kjære Lyslugg!

mandag, juli 17, 2006

Stille

Jada, jada. Eg veit at eg har masa om denne boka før, og at eg siterte lesestoff også sist eg skreiv. Og at utdraget nedanfor sikkert eigentleg er for langt til skjermlesing, og bla bla bla.

Likevel.

Eg har funne noko fint. Ein augneblinksdiamant, faktisk. Og no deler eg:

... det kunne òg hende at far gjekk runden for å strekkje høgtida. Den høgste tida av alle stunder. Stunda då far vona tida braut seg sjølv av og kvilte seg litt. Stunda då summen av alle stiller sidan sist skulle berast til bords og nytast. For dette var fars tid. Det var hans stunder som var samla i denne stilla han laga ute på kjøkkenet. Og ingen kunne ta denne stilla frå han. Det fanst flust av andre stiller. Austavinden, til dømes, hadde ei stille både før og etter. Den første av det urolege slaget som ikkje gir noko sinn fred, spesielt ikkje dei med varmgong i seg. Den andre av det utpustande slaget som veks til brusande glede over endeleg å leve att. Det fanst stiller tidlege søndagsmorgonar før første kua rauta. Og det fanst stiller kvar dag i skumringa før flagrelyktene blei tende og dyra skulle siast. Det fanst ei stille ein høg julidag etter at fuglane hadde slutta å syngje. Slike stiller var det ikkje lett å seie kven åtte. Ei slik stille tilhøyrde alle og ingen, kunne ein seie. Slike stiller gjorde som dei ville, kom og gjekk. Frie og franke. Men det fanst endå andre stiller. Stiller som folk åtte. Folk som Himagarden junior, til dømes, som åtte stilla etter kvar salme i kyrkja. Men det var ikkje nokon av desse stillene far hadde samla saman til si eiga der ute på kjøkkenet akkurat no. Fars stille hadde andre kjenneteikn. Ho var samla saman av lydlause små augneblinkar. Små stunder som umerkeleg tikkar i veg utan å setje spor etter seg. Men som likevel kan filast ned til små augneblinksdiamantar berre ein rår med å vere der for stunda. Slik som far rår med det. Augneblinken før kaffien koker, etter at oppvarmingsduren har tagna og vatnet eigentleg skal koke og derfor berre ligg der og ventar på at første luftbobla skal slite seg laus. Slikt samla far på. Han samla på desse små augneblinkane kvar dag der han stod ved omnen og venta på at ein ny dag skulle trø fram klart og tydeleg. Han stod og naut stilla før første bobla sleit seg laus frå vatnet der i kjelen og starta flukta ut i verda. Ut i lufta. Det fanst stille haustettermiddagar oppe på Graslihompen som far samla på. Høgt heva over bygda sat han der oppe og hanka dei inn. Eller han samla på augneblinken mellom ver så god og første smaken av aure ein vanleg middag i juni. Eller augneblinken etter at julegrisen var slått i hel med ein stor, tung staur, men ein enno tenkjer at død og liv føder kvarandre. Og best av alt, augneblinken frå ein borar ein tommerfingernagl inn i ein appelsin, til den friskaste av alle lukter når naseborene. Slike stunder er det fars stiller er sett saman av. Stunder som ingen andre vil samle på. Eller som andre ikkje bit seg merke i og derfor ikkje greier å samle. Slike stunder samlar han og bruker der ute på kjøkkenet no. Og kanskje tek han òg litt frå sjølvaste storstilla. Denne stilla som aldri vil forsvinne frå livet vårt, sommar eller vinter. Denne stilla me fekk i byte for mor vår utan å spørje. Og det er kanskje dette far arbeidet med der ute på kjøkkenet. Han strekkjer høgtida. Strekkjer henne så lenge han kan.

Frå Krinsereglane av Edmund Austigard, Samlaget 2005 (s. 154-155 i pocketutgåva)

fredag, juli 14, 2006

Strippa

Eg skriv og skriv. Kjappe telefonar, raske fingrar, korte fristar og så på 'an igjen. Kjekt det, men så mange overskotsord å bruka her blir det ikkje igjen.

Det er mao på tide med eit dikt. Rettare sagt eit utdrag, frå samlinga Dyregravsmørke av Mazdak Shafieian, som kjem til hausten:

Å kle av deg
sakte

og ta deg tett
i armene,

som å sovne
i glemselen
og høre

sine egne hjerteslag
i en annen kropp.