lørdag, juli 22, 2006

Så går vi rundt på en Ekeberg-fest (-fust?)

Disclaimer: Det var dette med dei seks sju åtte mange glasa kvitvin igjen. Pluss daiquiris, så klart. Og whisky.

Nettopp heime frå nachspiel og rimeleg klar for senga, så dette blir neppe så veldig langt. Skal bare gratulera bloggen med eittårsdagen i går, altså forgårs (hurra!), og informera om at den i utgangspunktet grusomt forferdelege (arbeids)dagen heldigvis tok seg opp etter kvart. Etter idetørke og ringestille og sære pseudonymforfattarar som nekta å forhalda seg til anna enn epost, fekk eg til slutt klemt ut ei sak. Lita og tynn og dårleg, men trass alt noko som toler å stå på trykk. Måtte neste veke by på meir enn denne!

Var kjapt innom heime og skifta på meg kjole (oooh! aaah!), og så sykla(!) eg til øverst på den delen av Ekebergåsen som har full utsikt over heile Oslo. Veldig varm sykkeltur, men enormt fin utsikt. Vorspiel der, med folk eg ikkje kjende spesielt godt frå før, men som var interessante og kjekke og inkluderande og søte. Diskuterte kva me skal bli når me blir store, og prata om dialektar, bøker og identitet. Gilde tema, bra folk.

Etter eit par timar der, tok me drosje til...

...trommesolo...

...Ekebergrestauranten!

Eg gjentek: Ekebergrestauranten!.

Nammmmmm. Carpaccio med saus, salat og parmesan til forrett, grilla hellefisk med salte små poteter, asparges, sommargrønkål og rogneskykremsaus til hovudrett, og jordbær- og mangomousse med bærsorbet, sylta bær og ekte vaniljesaus til dessert. Jum-mi!

Etter måltidet drakk me litt på terrassen, med den fantastiske panoramautsikta midt i fleisen. Så drosje til sentrum, så mykje gentlemanpåspandert vin på Politiker'n (Youngstorget) som eg bare ville ha, og eit nachspiel eg ikkje har planar om å utdjupa så voldsomt.

I morgon (altså i dag) skal eg bare sova litt, dilla litt og dalla litt, og drikka vin eller liknande på ein annan terrasse om kvelden. Lyslugg har teke seg ein velfortent ferie og stukke til Bergen, så grasenka er aleine heime og kan eta så mykje middag til frokost og is til middag som ho bare vil. Kjenner på meg det blir ei bra helg.

Eg kan godt lika livet mitt viss det er sånn som dette det skal vera!

P.S. For øvrig står det 700.000 kroner(!) på kontoen min(!!) akkurat no. Dei er til leiligheten, og forsvinn snart ut igjen. Men akkurat nuh! er eg faktisk ganske så rik. Som seg hør og bør for oss som festar på byens tak, i grunnen.

2 kommentarer:

Ingvild sa...

Namnamnam, så mye godt. Og så fint som det hørtes ut, alt sammen. Sånn skal det være. Glad for at Dagen Fra Helvete ble til en fin kveld!

Anonym sa...

Det må jeg si - godt noen lar være å sove bort de norske sommernettene!

Jeg tok forresten ut 400.000 fra banken i forrige uke. I tanzanianske shilling. Som blir ca 2000 norske kroner... Men likevel - moro å føle seg bittelitt som millionær i minibanken. :)