onsdag, april 26, 2006

Død over naboen!

I alle fall litt. Men ikkje før han har fått skrudd på routeren sin!

Greia er nemleg som følger: Lyslugg og eg deler internett med naboen under oss. Han får trådlaust nett dekka av jobben, og Dumbo plukkar det opp gjennom hans tak/vårt golv. Sidan naboen får alt gratis, og dessutan knappast veit fram og bak på ein datamaskin, ville han ikkje ha betalt for det. Dataen hans stod alltid på, og me surfa når me ville. Perfekt!

Men: No har nokon lært han å skru av nettet! Heile veker av gongen! Buuuuuh!

Dermed brenn eg inne med mange ting eg hadde tenkt å skriva om i bloggen. Teflonhjernen greier rett og slett ikkje å halda på informasjon heilt til eg kjem på jobb og finn ein pause mellom epostar og intervju og telefonar og slikt. Og å bli lenger på kontoret bare for å blogga? Næh, trur ikkje det blir så aktuelt med det første, nei. Det er jo VÅR ute! Og sol!

Dessutan har eg vore på tur sidan sist. Det finst vel kanskje dei som meiner at eg ofte er på bærtur sånn i det daglege, men no har eg faktisk forflytta meg fysisk også. Først dagstur til Kolbotn (wow!) på fredag, så ei temmeleg travel helg, og så todagars tur til Sunndalsøra måndag-tysdag. Åh! Fint! Viss eg rekk å brenna bilda over på cd i løpet av dagen, skal de få sjå sjølv kva eg meiner.

Viss ikkje: tenk stupbratte fjell (0-1800 moh rett opp!) med masse snø på toppen, ei brei elv nederst i dalen, gåsungar og hestehov, og cirka tjue ville gymlærarar, som gjekk på lammelårsgrillinga og potetbakinga med same dødsforakten dei viste under bogeskytinga. Tilset rødvin i strie straumar og voila! A good time was had by all.
Eller, som det heiter på kroppsøvingsspråk à la romsdaling:
- Dætta va no fole arti', kara!

Men bu på ein sånn plass kunne eg aldri. Ei veke og to om sommaren, okei. Men om vinteren? Når alt er anten kvitt eller mørkegrått, og sola ikkje klarer å hala seg over kanten på gråberga? Uhm, takk men elles tank. Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo. Trass alt!

Ingen kommentarer: