torsdag, mars 23, 2006

Du er det du gjer – eller?

Heilt tilfeldig, på gata, møter eg ein eg ei gong kjente men no ikkje heilt veit om eg er på nikk med. Han ser meg, nikkar, sakkar til og med farten. Me stoppar. Den vande gamle leksa. Lenge sidan sist ja kor mange år kan det vel vera no det må vera nærare ti enn fem i alle fall. Held du kontakten med den og den ikkje det nei ikkje eg heller. Synd i grunnen, me som hadde så mykje løye saman ei gong i tida. Og kva gjer du no då? Forlag? Jasså du! Forlag!

Og så skjer det igjen. Stjernene lyser opp i augene hans, som eit tillegg til alle dei eg nett har fått i boka hans. Eg kan sjå kor misunt han er. Forlag! Og eitt av dei store, etablerte, viktige, til og med!

Eg prøver å bytta emne. Unngår å spørja kva han driv med, sidan han verkar lite interessert i å ta det opp sjølv. Pratar i staden om ver og vind og ingenting. Referansar til tv-program eg ikkje har sett og konsertar eg ikkje har vore på. Men han vender stadig tilbake til emnet. Forlag du ja ja det burde vel ikkje vera så overraskande du har jo alltid vore ein lesehest og flink så klart eg meiner det er vel dei skarpaste hovuda som samlast i forlagsnorge he he er det ikkje?

Uhm… Vel… Eg ror. Ramsar opp dei mange heilt ordinære, uinteressante tinga som må gjerast også i forlaget. Kor lite eg eigentleg bidreg med. At eg uansett er på feil avdeling – eg hadde ikkje lunsj med ein Viktig Forfattar verken i går eller dag. Faktisk ser eg dei knappast, bare av og til i kantina. Prøver så godt eg kan å gjera jobben min endå mindre viktig enn han er. Endå meir midlertidig, endå mindre interessant.

Han fell ikkje for den. Ber meg til og med ta eitt av korta hans, og tenka på han. Ja om det skulle bli noko ledig he he det er vel sånn det er i forlagsnorge ja ja i andre bransjar også så klart men særs der. Det er ikkje så lett å få foten inn der nei det veit vel alle som har prøvd. Nei så me får halda kontakten du og eg ta ei øl kanskje ein dag eller noko. For gamle dagars skuld veit du.

Eg bare mumlar. Smiler utanpå, men ikkje inni. Åååh! Fri meg frå folk som trur at ein ER jobben sin! At det spelar noka rolle kva me gjer! Er eg ein annan når eg jobbar i forlaget enn når eg jobbar i lokalavis? Enn når eg skriv til glansa papir, eller i ein såkalt meiningsberande publikasjon?

Eg er jo ikkje det!

Men prøv å forklara noko slikt til den som higar etter foorhlaaag…

Nyttelaust.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Wow - du ser av og til kjente forfattree i kantina? Det høres veldig eksotisk ut for de av oss som nesten bare har kolleger med gikt, benskjørhet og barnebarn... :) Jeg er inne i en anti-greie mht jobb for tida - jeg har bare ikke lyst til å jobbe. Jeg vil ha fri. Jeg vil gjøre min greie (som egentlig mest består av å ligge og lese bøker, men dog). Jeg vil ut og drikke meg full, som Lars Lillo synger. Jeg vil ikke rette prøver (i teorien må jeg rette 80 stk i helga), jeg vil ikke sitte på møter og måtte mene noe om ting som betyr null for meg, jeg vil slippe å engasjere meg i mine kollegers indignerte klagesang mot ledelsen, jeg vil rett og slett ha fri, takk. To uker til påskeferie. Holder ut.

Når det er sag: Postkort fra Katmandu i postkassa i dag! Veldig stas - tusen takk! :D

-lin sa...

Eg er også veldig veldig klar for å drikka meg full. Dritings, faktisk. Kan du ikkje koma til Oslo, så gjer me det saman? Alle her er så slitne for tida, ser du, at dei ikkje orkar denslags. Eg treng ei sviresøster!

Og ferie. Igjen.

Sukk...