tirsdag, september 06, 2005

Get me away, I'm dying

Nok ei helg er ugjenkalleleg og definitivt forbi. Har vore hos D på Gjøvik, festa og plukke bringebær, og prata om kva me skal bli når me blir store.

Som om eg visste det.

Når det er sånn som i sist veke, at eg sit på jobben og reknar minutta til eg kan gå heim, og sjekkar mailen min for millionte gong bare for å registrera at eg ikkje har nokon venner, og snik meg forsiktig forbi sjefen i gangen - med andre ord ganske ofte, då tenker eg at eg i alle fall aldri aldri skulle blitt journalist. At eg ikkje passar til det, rett og slett. Eg manglar jo initiativ. Glede. Tilpassingsevne. Eigenskapar eg trudde eg hadde men som viser seg å ikkje vera del av meg likevel.

Eg vil jo bare vekk heile tida! Reisa verda rundt, sitta i sola og drikka drinkar og bada i havet og lesa kjekke bøker og virra rundt i byen midt på dagen med høg fin musikk i øyret! Ha fri, rett og slett...

Ooh! get me away from here I’m dying
Play me a song to set me free
Nobody writes them like they used to
So it may as well be me
Here on my own now after hours
Here on my own now on a bus
Think of it this way
You could either be successful or be us
With our winning smiles, and us
With our catchy tunes and words
Now we’re photogenic
You know, we don’t stand a chance


Eg trudde eg skulle sleppa å ha det sånn når eg bare blei vaksen! At det bare er tenåringshormonar eller noko slikt som skapar denne melankolien. At vaksne folk forstår kven dei er og kva rolle dei har og skal ha i samfunnet. At dei trivst i jobben fordi dei har valt han sjølv, og med livet generelt fordi det "er jo sånn det er".

Nei!
Det MÅ vel ikkje vera sånn!?!?

Må det?

Ingen kommentarer: