fredag, september 23, 2005

Æ skulle altså gi dæ...

Søren ta at eg er så dårleg på å huska heile songtekstar!

Klarte å lokka med meg L på Rockefeller i går, til konsert med Kari Bremnes¤. Kom ramlande rett frå jobb og ”trening” (balletten avlyst, så det blei poenglaus ”danse”-aerobictime i staden. Vart eg svett? Sjølvsagt! Svett nok? – NEI!) og utemiddag (ikkje gå på sushiplassen i Tordenskioldsgate – usj!) og guatemalaforedrag (veeeeldig pk, eg veit!) og i det heile tatt – inn i ei verd av raudgyllent lys og varme tonar.

Det var ei fin oppleving. Det rare var at dama virka så, hm, koss skal eg seia det?... Splitta, kanskje? Eg meiner: På den eine sida vitsa ho og lo og gjorde ironisk narr av seg sjølv og parodiane på seg sjølv, og virka eigentleg litt skrullete. På den andre sida så syng ho jo så blodet pumpar seg varmt og bølgande langt ned i litletærne, og håret reiser seg over heile kroppen, mykje mykje større og viktigare enn dei småflaue vitsane.

Derfor burde eg altså vera flink å huska tekstar! Så kunne eg sitert ein liten tekstblokk for å illustrera kva eg meiner. Orka ikkje å leita så lenge, men finn ingen av dei gode på nett. Og i hovudet mitt er det altså tomt. Som vanleg.

Æ skulle altså gi dæ en sang…

¤ Og då meiner eg Ka-ri Brem-nes. Høyrer de det, alle tv-slavar som spring rundt og kaukar Kaarschii Brrshcææmnæs med nittitalsstemme? Det er ikkje løye lenger no!

Ingen kommentarer: