Trøtt no
Det var det valet.
Blanda kjensle akkurat no. Historisk med regjering (hey! regjering!), men med bare 8-9% til Kristin&Co (uff! 12% sist..) blir dette nok fort til ein tradisjonell jensveivals...
Dessutan tragisk med frp. Viss eg høyrer han der Carl I prata om "Jens og de to veninDene hans" ei - 1!! - einaste gong til no, så spyyyyyyr eg!!! Argh! At det går an! Me lever liksom i verdas beste land, og så er ein femdel av folket komplette idiotar?? He-l-looo! Eg frys langt nedover ryggen. Godt han i det minste ikkje har nokon borgarleg blokk å lena seg på, den fysakken!
Spent på regjeringa, på kven som tek kva departement. Håpar i det minste at sv er lure nok til ikkje å velga finans eller utanriks (for lite handlingsrom), bistand eller miljø (ditto, pluss liten prestisje). Kult om dei klarar lirka nokre spanande utanforståande ut av ermet - Helen Bjørnøy, f.eks?
Nok politikk.
Eg er så trøtt! Må vera alderen. Valvake til to-tre pluss pizza og øl etterpå, opp sju morgonen etter, møte med Forlaget om Lukrativt Tilbod (TM) om ettermiddagen, pluss kino (Import-Eksport, ca 3 på terningen) og dilling om kvelden. Senga to-tre-tida, opp sju, osv osv. Gjesp!
Eg gjentek: gjeeeesp....
2 kommentarer:
"...møte med Forlaget om Lukrativt Tilbod (TM)" ???
Ja no kan du lura! Pling meg på messengeren, så skal eg fortella. Vulgært å snakka for høgt om store pengar, vettu!
*blink, blink*
Legg inn en kommentar