onsdag, september 28, 2005

Dokkehus og fyrstikkommode

Me var som nemnt på hytta i helga, L og eg. Blei bare oss to sidan alle dei travle vennene våre skulle ein million andre ting, og me dessutan ikkje orka å orga så mykje uansett.

Det var bra. Haustfargane var på plass, sola skein nesten heile lørdagen, og ambisjonsnivået på turfronten passa meg perfekt. Turen gjekk nemleg til Arne Næss si hytte tett oppunder Hallingskarvet. Han var sjølvsagt ikkje heime, men det var kjekt å sjå hytta likevel. Ho var annleis enn venta. Større, tenkte eg, og lågare under taket, tenkte L, for han (og eg) hadde jo lese at Arne pleide å heisa seg opp under taket, til dumme byjournalistar si store åtgaum (thihi, eg likar det ordet!).

Den aller største overraskinga for meg, var derimot følgande: Han hadde eit dokkehus på hytta! Eit sånt heimelaga, ganske stort, liknande det far laga til meg for å ha barbiane i for ca tusen år sidan, som veg eit tonn, og på eit tidspunkt i livet mitt hadde plass til meg sjølv i det største kjellarrommet dersom eg bare krøka meg godt nok saman. Kven i all verda er det Arne dreg med seg langt oppi fjellveggen slik at dei kan få leika med dokker? Eg blei veldig nysgjerrig...

Han hadde dessutan ein skikkeleg fyrstikkommode, laga med same prinsippet som kommodane eg laga til dei nemnde barbiedokkene mine for tusen år sidan, bare mykje, mykje større. Eg glømte å tella skuffene, men det var sikkert minst femti, mange med kryptiske merkelappar av typen "bjørk", "pære", "kvarts" osv. Eller, kvarts kan eg forstå - då kunne det jo vera steinprøvar eller noko. Men pære? Samlar han på fruktsteinar? Eg kan garantera at han ikkje får trea til å gro der oppe - "man må jo være konstant kald mens man bor på denne hytta", sa L der han småhutra i den solide leveggen.

Forresten hadde Arne ei anna fascinerande hylle med mange bittesmå flasker, også med ukjent innhald. Noko knallblått, mykje brunt, og ein del andre fargar. Mest av alt likna dei medisindropane til homeopatdama i Amsterdam, ho som meinte at eg hadde kvikksølv og dermed ubalanse i kroppen, medan L, stakkar, har så dårlege genar og så mykje gift i heile systemet at han nok alltid vil måtte drikka dropane hennar.

Men altså: det var dette dokkehuset, og denne fyrstikkeskekommoden. Eg prøver meg på litt interaktivitet, og spør: kva trur DU Arne bruker desse tinga til?

Ventar i spaning, fjellfanten

Ingen kommentarer: