torsdag, september 22, 2005

Intern eleganse

Eigentleg er det ganske fint at ein alltid ser kroppen sin innanfrå, ikkje utanfrå slik andre gjer. Når eg f.eks dansar ballett (eller prøver, i alle fall!), slik eg skal i dag, hender det faktisk at eg kjenner meg litt grasiøs og elegant og svevande. At eg får det til, og har kontroll, og gliiiiir gjennom rommet.

Heilt til eg ser eit glimt av meg sjølv i speglen.

Då viser det seg at eg visst ikkje var elegant og grasiøs og kontrollert likevel, men at armar og bein sprikar hit og dit og ikkje liknar verken grisen eller instruktøren, med ryggsøyla som ein slapp spaghetti og hår som gjer sitt beste for å jobba seg veg ut av hestehalen. Her kjem Dundredama, bomp bomp bortetter golvet!

Men inni hovudet mitt! DER får eg det til! Så enn så lenge held eg på det perspektivet. Utanfrå og ut.

1 kommentar:

-lin sa...

Ah - eg meinte sjølvsagt INNANfrå og ut. Bare gidd ikkje fiksa det no - dataen heng sånn.

Hovudpoenget står uansett.