onsdag, september 07, 2005

Kroppen min

Eg slit med dette blogspot-programmet. Det går så himla tregt! Kanskje gjer eg noko feil, eller så har eg bare dårleg nettkarma. Kanskje eg har lagt inn for mange tunge bilder tidlegare?

Uansett:
Det regnar i byen i dag. Litt i alle fall. Tungt grått teppe som heng over tretoppane i dalen. Eg syns ikkje hausten treng koma enno!

Bølga av melankolia vil ikkje sleppa taket. Ho heng nok litt saman med den enorme haugen av uskrivne ting som heng over akslene mine. Trivialitetane pressar seg på. Eg VEIT at eg burde skriva fort og få det unnagjort. Eg bare orkar ikkje, vil ikkje, klarar ikkje. Blærk.

Las litt i denne bloggen i går: pulevenner.blogspot.com Lika veldig godt det ho eine skreiv om koss det er å ligga tett i tett med - eller kanskje bare ligga med - ein god gutekropp:
du setter midjen inntil livet hans, du strammer til, du kjenner muskel mot muskel og det er hardt og sterkt og digg og nesten så du ikke vet hvor din kropp slutter og hans begynner, ja, det er sånn, du vet det ikke

Fint, sant? Har tenkt ganske masse på det i det siste - på dette med kropp. Hud mot hud, muskel mot muskel, mage mot rygg eller omvendt. Kor godt det er å kjenna ein kropp skikkeleg godt. Ein annan kropp enn sin eigen. Vita kor han går inn og ut, kor det er mjukt og fast, varmt og kaldt, pirrande eller kosete. L har ein fantastisk klembar kropp - huden min sørgar og saknar når me er frå kvarandre. Ofte meir enn hovudet forstår, før kroppen endeleg får sitt igjen. Det brutale i å hala seg ut av den varme, trygge hola av naken hud og mjuk dyne kvar morgon - er det rart eg ikkje likar meg på jobben, når det er alternativet?

Ingen kommentarer: