fredag, september 02, 2005

Brød

Eg jobbar kanskje ikkje fullt så jamt når eg er heime som når eg er på kontoret, men eg gjer sanneleg mange fleire kjekke ting innimellom!

No, for eksempel, er eg cirka halvvegs i ein brøddeig. Må bare koka ferdig kveiteheilkorna saman med havregryn og honning til ein ekkel, slimete masse, før eg kjølar det ned og blandar det i gjærvæska saman med masse mjøl og litt ekstra væske. Så! Skal det nok bli brød på han far når han kjem heim frå jobb.

- sa husmora

1 kommentar:

-lin sa...

Og du kan tru dei ser fine ut, der dei ligg på kjøkkenbenken, rykande varme og velduftande!