søndag, januar 08, 2006

Meg - ein arbeidsgjevar

Eg har teke nok eit steg inn i vaksenverda!

Nei, eg har ikkje kjøpt meg hus, eller bil, eller skaffa meg ein unge. Det er større enn som så - eit steg det oftast tek folk årevis med vaksenliv før dei klarer å gjennomføra:

Eg har kjøpt og betalt eit menneske for å gjera reint etter oss!

Dvs - eigentleg var det vel Mr. Sambuar som både kjøpte og betalte. Men då eg kom heim frå skitur i Nordmarka, tre-fire timar før middagsgjestene var venta, og oppdaga at huset var strøkent, nyrydda og grønsåpeluktande, var det ikkje akkurat noko å seia på betalingsviljen min heller.

Genialt! Studentsøstra til kjære Mr. Flinkis tente nokre kjærkomne slantar, og eg kunne bruka lang tid i dusjen og på middagen - i tillegg til å jobba eit par timar - meir enn nok til å tena inn både vasking og middag og allslags. Utan rosinfingrar!

No ventar eg bare på at KK skal koma og intervjua meg: "Korleis taklar du tidsklemma, o suksessfulle karrierekvinne?"

6 kommentarer:

Ingvild sa...

Wow! Imponert over karrierekvinnen og flinkisens evner til å finne praktiske løsninger i tidsklemmen! Seriøst? Høres utroooolig deilig ut. Og fint for yngre studentsøstre med ekstrainntekt. Hyggelig middag? Gleder meg til vår på onsdag!

-lin sa...

Joda, gjestene var i alle fall fulle av lovord over breiflabb- og rekewoken med sitron/appelsin/koriander&ingefærsaus.

Onsdag blir bra. Eg har kjøpt inn noko som byrjar på "gourmet-"...

Ingvild sa...

Oooooh! Ikke bare fikser hun tidsklemmeproblemet, hun lager lekker mat i tillegg! Høres spennende ut :) Jeg tar med vin som passer til "gourmet-..."

Regner med KK har ringt deg allerede...

-lin sa...

Eg ventar framleis i spaning på KK.

I mens nyt eg heimejobbingas absolutte fortrinn: skikkeleg mat, når eg vil.

Dagens lunsj (som eg et no, ja, ikkje kl 12, då mi indre klokke heller ville ha frokost etter eit par timar bak dataen) er pasta med reker, grøn paprika, brokkoli og grøne oliven, pluss ei herleg blanding ferske krydderurter, tunisisk pepar, og eit lite dryss nyriven parmesan.

Svette matpakkeskiver, eat your heart out!

Anonym sa...

Jeg er så misunnelig. Etter å ha undervist i 6 timer og vært på karaktermøter i 2 timer, kom jeg hjem til mitt noe møkkete hus, spiste to brødskiver til middag og skal nå av gårde på symøte, mens jeg helst ville ligget på sofaen og lest boka mi. Jaja. I morra er det fire undervisningstimer og enda mer karaktermøter. Mine nyttårsforsetter revner i tur og orden... :( Men - jeg ser i det minste uimotståelig ut i dag, med ny øyeskygge på -lokka!

-lin sa...

Hehe, joda - eg er heldig!

Men bare sånn for the record: Arbeidsdagen min starta ca ni i morges, varar framleis, og kjem truleg til å avsluttast nærmare midnatt. Vaskehjelp og skikkeleg mat er liksom lyspunkta som held meg oppe trass alt, ser du ;o)

Mvh Frk-Har-For-Lengst-Glømt-Alle-Fagre-Løfte