Snop
Dagens møte med forlaget gjekk som den berømte kniven gjennom smøret. Folka smelta som softis i sommarsol for den utruleg primitive lynkladden, nikka og klappa og smilte, før dei drog meg rundt i heile labyrinthuset for at eg skulle få møta den eine redaktøren etter den andre, og tredje, og fjerde, slik at eg er best mogleg budd til alle dei andre tinga eg skal gjera før eg dreg - og når eg kjem att. Oppdraget er mao mitt - til ein alldeles latterleg høg sum. Gull i reisekista!
I rein euforisk rus gjekk eg ut og gjorde det kvinner visstnok skal i ein sånn situasjon: Eg shoppa.
Bøker, så klart. Det er jo sal på bøker der ute! Herlege, tjukke, innbundne eksemplar til småpengar per stykk. Kjente og ukjente, norske og utanlandske - hurra! Til dømes denne, denne og denne, pluss eit par kilo andre.
Våren, og truleg store delar av sommaren, er sikra!
Men indialektyren eg var der for å kjøpa, hadde dei ikkje. Det var dumt. Eg må visst oppsøka ein annan bokhandel i morgon. Som også har sal. Ja huff. Skikkeleg, skikkeleg dumt. (thihi)
2 kommentarer:
WOW! Så bra! Ikke overraskende, men bra. Og latterlige summer penger til å kjøpe bøker for - herlig. Kan du love nå at du skal ta deg bittelitt fri i kveld og kanskje et glass vin??
Jada masa, eg lovar!
Eg bare skal bare først... Jobba ferdig det eg held på med akkurat no, f.eks, omgitt av glade fredagspilsarar på Amsterdam
Flinkisen har lova meg middagsselskap ute før fødselsdagsrusdrykk med kompis, så kvelden er sikra.
God helg til deg og alle andre!
Legg inn en kommentar