torsdag, oktober 13, 2005

Japan, igjen

Forresten såg eg ein film i går som på ein ganske rar, obviously warped, måte minna meg på dette amerikaet mitt, sjølv om verken handling eller opphav eller noko anna eigentleg burde setta meg på tanken.

Filmen var Howl's Moving Castle (Det levande slottet) av Hayao Miyazaki, som er den supergeniale mannen bak Princess Mononokee og Spirited Away (alias Chihiro og heksene).

Filmen var alt eg kunne ønska meg, pluss meir. Hoppande fugleskremsel og levande eld (skikkeleg levande, ja!) menneske som blir til fuglar og omvendt, og ei herleg blanding av "vestleg" setting og japansk tale. Nam!

Ein annan observasjon eg gjorde meg, var at dess lenger ut i filmen ein kom, dess meir asiatiske vart utsjånaden til dei "engelske" folka. Til slutt likna helten eigentleg mest på han der Pokemon-gutten.

1 kommentar:

-lin sa...

Grunnen til at eg assosierer Hayao Miyazaki med USA, er sjølvsagt at eg har sett dei andre filmane hans der. I tilfelle nokon lura.