onsdag, november 30, 2005

Det gjeld bare å sjå på rette talet...

Feiebilen (det kan ikkje vera så mykje snø att å brøyta no, nemleg) tek rundane sine, og eg har nett sendt mail til naturfagsmannen. Nok eit par linjer strokne av lista. Sakte, sakte, men dog.

Senga no, og utsikter til heile fem timars søvn - ein framgang på 67% frå i går. Held eg fram på dette viset, kjem eg til å sova rundt innan utgangen av veka!

Nok prat. Dyne no. Og Varmeapparat med jamn pust og sterke armar!

tirsdag, november 29, 2005

Matpause

Eg har ete:
* urtefocaccia med havsalt og heimekinna smør
* skaldyrfylte canelloni gratinert med mozarella, med nøttesky og grøn bladsalat i lett balsamicovinaigrette
* omnsbakt ishavsrøye med potet- og trøffelgrateng, senneps- og rotgrønsakssaus, grøne bøner og hasselnøter
* ekstra mørk sjokolademousse med sylta røde moreller og morellsorbet, melisdryss og mynte

Eg har drukke
* fire glas jummi kvitvin
* ein konjakk

No skal eg:
* jobba vidare

Takk for maten, sjefedama! Nam nam!

At eg aldri lærer!

For å kompansera for dei tre timane søvn eg fekk i natt, og liksom "opna blikket" litt, fann eg ut at eg skulle ta på meg maskara idag.

Duh! Kor dum går det an å bli?

Eg veit jo at eg ikkje kan med denslags! At det einaste som gar-an-tert skjer, er at eg gløymer meg, og klinar våte tårer frå slitne auger over augesverten, utover augeloka og resten av ansiktet. "Ope blikk", eh jada.

Nok eit teikn i den stadig veksande haugen bevis for at det for lengst er på tide for jenta å slutta i den glansa bransjen. Ho byrjar å tru at litt sminke sikkert kan løysa problema!

Nattskiftet

Feiebilen (eller er det kanskje brøytebilen?) tek stadig nye rundar opp og ned de pene frogneravenyane, eg sit inne og tenker at det er ganske ok ikkje å ha ein nattejobb sånn til vanleg. Det er nemleg både mørkt og kaldt der ute...

Om sommaren, derimot, stiller saka seg noko annleis!

mandag, november 28, 2005

Hjerneskrot

Jada, jada, eg veit det bare er syt og klag med meg for tida. Men akkurat no er det sortering eg treng mest.

Ergo presenterer eg... trommesolo... lista over ting som gjerast innan ferien, og bør vera unnagjort på onsdags ettermiddag

(No vart døkk spænt, ja!)

* Bildeutval og -redigering av Oslo Ø-elevane (28.11 kl 23.30)
* Utval og ferdiggjering av dei andre forfattarbildene (28.11 kl 00.00)
* Tyskintervju med virredama par excellence (29.11 kl 02.30)
* Revisjon av overnemnte (yay! 30.11 kl 19.00)
* Foto av virredama (29.11)
* Norskintervju m/ diskusjonskameratane u/ fokus (O lukke! 02.12 kl 05.45)
* Epostkommunikasjon m/ overnemnte (mail til forlagsdama 02.12 kl 05.55)
* Skriva ut kroppsøvingsintervju med knapp kar (02.12, kl 14.00)
* Nye bilder av mr. kroppsøving, alias knapp kar (avtale 02.12 kl 08.30)
* Naturfagsintervju (2t for yrkesfag) med han på landet (30.11 kl 02.00)
* Foto av han på landet (28.11)
* Gjennomlesing og slikt med overnemnte (jupp! 30.11 kl 21.30)
* Revidera "for sprekt" naturfagsintervju (blæh!) (me fix! 29.11 kl 11.45)
* Intervju og foto, spanskdama på Tveita (ferdig 30.11 kl 18.45, foto 22.00)
* Skriva ut spanskdama 01.12 kl 20.00
* Gjennomlesing og slikt med overnemnte (sendt forlag 02.12 kl 14.30)
* Intervju og foto, naturfagsdama på Asker (tilbake 01.12 12.30)
* Skriva ut naturfagsdama (02.12 kl 01.10)
* Gjennomlesing og slikt med overnemnte (mail sendt 02.12 kl 01.30)

* Redaksjonsmøte (idiotisk, men deltatt lell, 29.11 kl 10-12)
* Guatemaladamene 29.11 kl 16.00 - juhu!
* Eventyrmannen
* Kievslagg (kan eg fira litt på denne, mon tru?
* Kollegial middag (grøss!) 29.11 kl 16-19.30, kjekt (!!)
* Rydda kontoret (kanskje kan også denne venta?)

Ønskegjerelista:
* Låna Tunisia-bok på biblioteket 01.12 Hurra!
* Gjera ferdig italiatullet
* Gjera ferdig nordnorgedingsen
* SOVA!

Arbeidstimar til Tunisia: 104, inklusive dei eg burde sova.

Det ironiske er at eg føler meg akkurat som eg gjorde på vidaregåande. Pisken lurar like rundt hjørnet, eg halsar vidare med hovudet under armen og armen i bind, og prøver å venda livet det annet kinn. Eller noko sånt.

Hald meg fast!

Mørkt når eg kjem og mørkt når eg går. Den trygge utsikta frå vinduet, med snødryss på toppen. Den evige straumen ned bakken, konsentrerte. Eg har snart gått full sirkel no. 17 offisielle timar att her, av eit heilt hav, minus dei tre eg kjem til å kutta.

Men det går ikkje likevel! Eg forstår ikkje koss eg skal rekka alt eg må rekka! Overalt kor eg snur meg, dukkar samvitet opp. Alt eg skulle gjort, ikkje har gjort, burde rukke over. Folka. Vennene. Planane. Avskjedsmiddag og avslutningsmøter. Jobben jobben jobben. Den eine og den andre. Tekstar som skal skrivast, bilde som skal velgast ut og redigerast. Tilbakemeldingar og mailar. Sprudlande entusiasme og akkurat passe lengd. Pedagogiske innføringar og medrivande vinklar. Tilstedeværelse.

Koss kan eg vera i teksten når eg ikkje klarer vera i mitt eige liv?

To observasjonar før 8 mandags morgon:

  • Det snør, det snør, tidelibom!

  • Det er stor forskjell i varmenivået på knea når ein vel ei vanleg, tynn bomullsstrømpebukse framfor dei skikkelege i ull. Brrr...
  • lørdag, november 26, 2005

    Litt av det eg har lært i dag medan eg heller burde skrive ein av dei mange artiklane som ventar på meg:

    ** Det tek ein kveld, ei natt, ein heil dag, ei natt og ein morgon å reisa med tog frå Kolkata (alias Calcutta) til Mumbai (alias Bombay) - til den nette pris av ca 80 kroner for første klasse.

    ** Følgande reisande får rabatt på dei 80 kronene, eller på alle andre strekningar med dei indiske jernvegane:

    * "article clerks" (50%)
    * kunstnarar "lower class" (75%)
    * kunstnarar "upper class" (50%)
    * alle med "award pass", kva no det er (50-100!%)
    * bharat guidar, som eg ikkje veit kva er (50%)
    * bharat seva dal, som eg heller ikkje veit kva er (25%)
    * blinde (75%)
    * kreftpasientar (75%)
    * barneskuleelevar 1-12 år gamle (50%)
    * sirkusartistar "lower class" (75%)
    * sirkusartistar "upper class" (50%)
    * "civil international" (50%)
    * døvstumme (50%)
    * den som følger den døvstumme (50%)
    * generell legetilvising (50%)
    * handikappa, "lower class" (75%)
    * handikappa, resten (50%)
    * hjertepasientar (75%)
    * blødarpasientar (75%)
    * den som følger blødarpasienten (75%)
    * IAFT-skjemafolk, kven no det er (40-50%)
    * industriarbeidarar (25%)
    * bønder (25%)
    * nyrepasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger nyrepasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * kreftpasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger kreftpasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * blodsjukdomspasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger den blodsjuke, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * nyrepasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger nyrepasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * spedalske (75%)
    * mentalt sjuke (75%)
    * sjukepleiarar (25%)
    * polospelarar (50%)
    * profesjonell kunstnar, "lower class" (proff, altså, ikkje sånn vanleg) (75%)
    * profesjonell kunstnar, "upper class" (ditto) (50%)
    * PTOar (private tour operators??) frå andre Commonwealth-land (50%)
    * PTOar for den indiske jernvegen (66,6%)
    * eksamenselev i den offentlege skulen (50%)
    * forskarar (50%)
    * speidarar (50%)
    * honnør, dvs pensjonistar (30%)
    * sivilteneste (25%)
    * idrettsmenn og -kvinner, "lower class" (75%)
    * idrettsmenn og -kvinner, "inter n level" (75%)
    * idrettsmenn og -kvinner, nasjonalt nivå (50%)
    * tilsette ved st.johns-ambulansen (25%)
    * studentar (50%)
    * studentar med rabattkort (75%)
    * tuberkulosepasientar(75%)
    * lærarar (25%)
    * krigsenker (75%)
    * ungdom (25%)
    * arbeidslaus ungdom (100!%)

    **Det finst dessutan eigne billettkvotar for følgande grupper:
    * kvinner
    * statsfunksjonærar
    * militære
    * politikarar
    * framande turistar

    NSB - eat your heart out!

    torsdag, november 24, 2005

    Vått og godt

    En er en, og to er to -
    vi hopper i vand,
    vi triller i sand.
    Zik zak,
    vi drypper på tag,
    tik tak,
    det regner idag.
    Regn, regn, regn, regn,
    øsende regn,
    pøsende regn,
    regn, regn, regn, regn,
    deilig og vådt
    deilig og råt!
    En er en, og to er to -
    vi hopper i vand,
    vi triller i sand.
    Zik zak,
    vi drypper på tag,
    tik tak,
    det regner idag.

    (Sigbjørn Obstfelder)

    - og det til gangs! Er så uvant i denne byen, at det av og til regnar skikkeleg, så det får liksom litt større vekt når det faktisk gjer det. Tungt, vått teppe over heile dalen, strie straumar over alt. Greit-å-vera-inne-ver.

    Typisk. Eg har ikkje skrive noko særs, i alle fall ingenting interessant, på lengelenge, og så startar eg på igjen med å skriva om veret. Hm. Er ein frå Jæren, ja så er ein frå Jæren! Og då er veret beste emnet.

    I alle fall når livet mitt er der det er akkurat no. Eg har det bra, jobbar og tenker og jobbar litt meir, og prøver å vera så sosial eg bare kan mellom 14-timarsøktene, men det er ikkje alt eg rekk over. Faktisk ganske mykje. Har sett eit par rarsøte, japanske filmar, f.eks denne og denne, men orkar ikkje analysera dei her og no. Held på med japanske ødipuskafka parallelt, når eg ikkje les om India i den einsame planeten.

    For jepp, det blir India! Det blir det blir det blir!

    lørdag, november 19, 2005

    Jenta på ball


    Jenta har vore på julebord. Eller årsfest, som det visst heitte i denne bedriften. Først grua ho seg, og tenkte - som rett er - at ho ikkje passar til denslags. Pynting og sminking og konversering og dansing, uff. Kanskje aller mest det med pyntinga. Sminke og sånn. For ikkje å snakka om håret. Og dei høghæla skoa... Grøss!

    Men ho gjekk no likevel. Og det vart bra. Lysekroner og tekstiltapet på Continental, trerettars med masse vin, avec etter maten, og drikke i baren, med og utan bongar. Mange drakk meir enn dei burde, men ikkje jenta.

    "Vijll du dans me mæ, æller ska vi fijnn oss en rolig krok å koos oss litt med en gang?" "Ehm. Neitakk, til begge forslaga. Men lukke til vidare!" Det er noko eige med folk som innleier samtalen med å grabbe rumpa til motparten...

    Etter nok eit glas på Ett glas, vandra ho heim gjennom dei kalde gatene, med ryggen rak og blikket fritt og dameskoa i veska. Litt full, litt trøtt, og litt kald kom ho heim - og vandra rett inn i den varme, trygge famnen. Av og til er det beste med å gå ut, å koma inn igjen...

    onsdag, november 16, 2005

    Forresten:

    Gratulera med dagen, Therese! Eg sender denne ballongen din veg - dersom du ikkje ser han, er det nok bare fordi du sit med hovudet i spanskøvingane - som vanleg.

    Måtte dagen vera fylt av sol, glede, og - viktigast - masse sjokoladekake!

    Syng: å gid hun lenge, lenge, lenge leve må! Å gid hun lenge, lenge, lenge leve må! Å gid hun leenge, leenge, leeeeeeeeve mååååå! HURRAAA!

    (Det der med mange små kan me heller ta ei annan gong, eller hur?

    Næmmen!?

    Eg er glad i dag.

    La meg la det synka inn: g-l-a-d!
    Alias happy, avslappa, tilfreds! Endeleg.

    Ingen spesielt gode grunnar, eigentleg. Ingen spesielt store, i alle fall. Meir ei oppsamling av mange små.

    Som at:
    * sola skin!
    * eg har levert mitt til forlaget i denne omgang, og har ein heil dags pustepause før me startar på’an igjen i morgon ettermiddag.
    * eg ikkje er trøtt sjølv om eg jobba til 2 i natt og ikkje fekk sova før ½ 3 pga hjernespinn.
    * eg fekk ein mail i natt frå ein kompis som hadde fått Sin Drømmejobb – ein jobb eg absolutt ikkje kunne tenka meg, men som eg ønskar han absolutt alt godt i. Det er så godt å verkeleg unna nokon lukke, utan å måtta svelga eiga skuffing!
    * Ei Viss Kvinne leverte oppgåva si på mandag, ein dag før fristen, og eg står nemnt med store bokstavar i forordet.
    * eg ser at eg kjem til å koma i mål! Kanskje ikkje som førstemann, men som ein fullførar trass alt.
    * verda ligg for mine føter. Viss eg vil.

    mandag, november 14, 2005

    I scream, you scream, we all scream

    Moro, moro:

    Jackson i toalettrøbbel

    Michael Jackson er nok en gang i politiets søkelys etter at han brukte et dametoalett i Dubai.

    Jackson ble oppdaget på toalettet av en kvinne mens han sto og sminket seg iført et arabisk hodeskjerf. Kvinnen ble så forskrekket over å se en mann på dametoalettet at hun skrek i panikk, skriver flere britiske medier.

    En annen kvinne fotograferte i stedet Jakson med sitt mobilkamera. Da begynte også Jackson å skrike.

    Saken er nå under etterforskning av politiet. (NTB)

    søndag, november 13, 2005

    Frode får sagt det

    Er på Jæren, har brukt absolutt heile dagen på å lesa og retta ei laaaaang masteroppgåve, gidd ikkje å skriva så mykje akkurat no.

    Men dette bare eg nemna: Eg skulle bare sjekka at linkane i forrige post funka, og så blei eg sitjande og lesa intervjuet med Frode, heilt fram til den delen kor han har prata seg gjennom Faulkner og Murakami og andre favorittar, og kjem til det med nynorsken. Ramsar opp gode namn, gode titlar, bøker ein aldri blir ferdige med. Alle på nynorsk, så klart.

    Og så seier han dette: "Det fins bevissthet i det nynorske. I bokmål er det så mye ferdig tygget språk, krimskrams".

    Ja! Nettopp! Akkurat det var det eg prøvde å seia sjølv!

    Frode - du er og blir min mann!

    fredag, november 11, 2005

    Rapport frå ei racerrotte

    Måndag:
    Tidleg opp, flytog, Gardermoen. Leeenge. Fly innstilt, fly forsinka, fly endeleg på vingene, og lille meg sovnar momentant. Landar på solfylt(!) Værnes, flybuss til byen. Diverse intervjuavtalekluss, går på biblioteket i staden.

    Og krasjar rett i Frode! Starstruck alldeles. Resten av tida han er der inne, blir eg sittande og skula mot bordet der han sit og les ei avis. Trur kanskje ho er utanlandsk, irriterer meg at eg ikkje finn det ut sikkert.

    Forlet det trådlause nettet på biblioteket, kafé med Gravide Venninna frå Nord. Stas! Stor mage, chilikaffi og altfor hastige ord. Tankar om nettverk, som vanleg for hastige til å fullføra. Gjennomføra. Er eg der eg vil vera i livet mitt?

    Jobb i Skatval, turbofamilie på fem, huske- og systove, grining og lått, trønderfotograf med bakgrunn frå bibelbeltet. Eksklusivt, hysj hysj.

    Værnes. Leeenge. Fly innstilt, flyplassmat, Dumbo på fanget og forlag i hovudet. Dumbo på flyet og Dumbo på flytog, endeleg ferdig når framme.

    Nattetomme gater, varm velkomst, seint i seng.

    Tirsdag
    Tidleg opp, jobb jobb jobb, bokbad.

    Blei endå meir sikker på at eg må lesa bøkene til både Jan og Linn, men syns godt Ane kunne klart seg med ein god del færre kåbbåisongar.

    For øvrig stilte ho med både dotter, mann og mor, og eg kan ikkje la vera å tenka at det sanneleg er eit uskuldig lite land me lever i. Her sit Diva Liv, enkelt og greitt plassert på eit heilt vanleg rockefellerbord, blant publikum som verken er sjekka for våpen eller fotoapparat, og høyrer på at dottera fortel om halvsøskena sine! Never in Hollywood, seier bare eg.

    Onsdag
    Ikkje fullt så tidleg opp, jobb jobb jobb, heim for meir frilansjobb. Sliten L, sliten sjølv, lasagne og prat. Geniale Jodie, søsterbesøk, og sein kveld igjen.

    Torsdag
    Tidleg opp, jobb jobb jobb , jummi overtidsmat, jobb jobb jobb jobb, buss, tom leilighet, meir jobb, pakking, seint i seng. Igjen.

    Idag
    Endå tidlegare opp, søppeltømming og bokoppsamling, og jobb jobb jobb. Må forta meg innom her før dei stenger klokka 19 og eg dreg til jærs i 20-tida. Skal vera oppgåvekonsulent for Ei Viss Kvinne, som leverer på tirdag. Dessutan planar om strandvandring, bilkøyring og beundring av høge himlen.

    Men jepp, Dumbo blir med, han også, og det skal sjølvsagt gjerast ein Jobb der også...

    Og sånn går dagane...

    fredag, november 04, 2005

    Ingenting?

    Eg rømte i dag, frå heile jobben. Ikkje før sjefane også var gått, altså, men likevel. Er for lengst inni nedtellingsmodus, kjenner eg. Fire veker igjen no...

    Gjekk rett på Krishna Cuisine. Sat i andre etasje og kikka ned på det travle krysset (så mange folk det er ute og går allereie i to-tre-tida! Så mykje for åtte-til-fem-livet...) medan eg åt kvasiindisk veggismat. Gyldne fargar og gyldne smakar, søt krishnakar frå Stavanger i kassa. Lenge sidan eg har vore der no, kjente at det var heilt rett å rømma inn i varmen.

    Og eg veit ikkje heilt kva det var som gjorde det, men plutseleg dukka denne songen opp i toppen:

    you owe me nothing in return

    i'll give you countless amounts of outright acceptance
    if you want it
    i will give you encouragment to choose the path you want
    if you need it
    you can speak of anger and doubts, your fears and freak outs
    and i'll hold it
    you can share your so-called shame filled accounts of times in your life
    and i won't judge it.
    and there are no strings attached to it

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return

    you can ask for space for yourself and only yourself
    and I'll grant it
    you can ask for freedom as well or time to travel
    and you'll have it
    you can ask to live by yourself or love someone else
    and i'll support it

    you can ask for anything you want, anything at all
    and i'll understand it
    and there are no strings attached to it

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return

    i bet you're wondering when the next payback shoe
    will eventually drop
    i bet you're wondering when my conditional police
    will force you to cough up
    i bet you're wondering how far you have now danced
    your way back into debt
    this is the only kind of love, as I understand it,
    that there really is


    you can express your deepest of truths, even if it means i'll lose you
    and i'll hear it
    you can fall into the abyss on your way to your bliss,
    i'll empathize with
    you can say that you'll have to skip town to chase your passion
    and i'll hear it
    you can even hit rock bottom, have a mid-life crisis
    and i'll hold it
    and there are no strings attached

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return


    Vel heime måtte eg sjølvsagt setja han på, og no har Alanis sunge seg gjennom si einaste forståing av kjærleik eit par gonger. Og eg lurar: er det eigentleg kjærleik, dette? Eller er det noko anna, meir sjølvutslettande? Går det an å elska utan å ønska noko tilbake? Sånn eigentleg? Og er det bra om det går an?

    Huskar eg tenkte det same då plata kom ut, og eg kjøpte ho og lytta til ho siste langopphaldet i USA. På rømmen også då. Vikla inn i andre erfaringar enn Alanis sine. Og bare delvis sikker på at ho hadde rett. Kanskje ikkje det eigong. Eg trur ho tek feil. Trur ikkje den typen unconditional love finst. Ikkje sånn. I alle fall ikkje for meg. Støtte gjennom midtlivskriser, anger og redsle - ok! Men ikkje på vegen over til ein annan, til å springa etter begjæret. Slik sjølvutsletting trur eg ikkje er bra. Faktisk.

    Det er alltid strings attached i eit forhold! Er ikkje det heile vitsen?

    - men eg likar no songen, lell...

    Og medan eg er inne på det...

    ... fekk eg dette resultatet på den japanske personlegdomstesten:

    You Are a Henna Gaijin!

    You're not Japanese, but you wish you were!
    You can use chopsticks with your eyes closed, and you've memorized hundreds of Kanji.
    You even answer your phone "moshi moshi." While the number of anime videos you've seen is way higher than the number of dates you've been on, there's hope. Play the sexy, mysterous gaijin, and you'll have plenty of Japanese meat.


    Ikkje sikker på om eg har lyst å leika sexy og mystisk framand, men ville vel kanskje vurdert å blonda håret mitt igjen om eg skulle flytta til Japan permanent... ;o)

    Ta testen her om du gidd.

    Arigato!

    You Should Learn Japanese

    You're cutting edge, and you are ready to delve into wacky Japanese culture.
    From Engrish to eating contests, you're born to be a crazy gaijin. Saiko!

    Hurra! Eg diggar jo Japan!

    Viss du vil ta testen sjølv, finn du han her. Men pass deg! Eitt av språka du kan bli anbefalt, er svensk...

    torsdag, november 03, 2005

    Shabby, not chic

    Eg var på ei litteraturgreie i går. Opplesing. Kom ramlande inn døra rett før det starta, direkte frå jobb og superhardcoretrening (blod, svette, tårer) og kjappisdusj (utan hårvask) og risbollemiddag (gul thaikarri, nam!), med håret i ein vasete treningshestehale og hendene fulle av baggar og styr.

    Og vandra rett på nokre freshe voldafolk.

    Sjølvsagt. Det gjer eg jo alltid når håret liknar ein mopp og dei stygge eg-skal-uansett-bare-sitta-på-kontoret-og-skriva-idag-kleda heng på halv åtte og ansiktet er varmt og raudt og hendene fulle av gymbaggar. Som den gongen på Gåte-konsert, kor L og eg hadde steikt fisk til middag og nesten glømt tida, og eg derfor gjekk rett på konsert med fiskemiddagluktande heimeklede, utvaska og halvskitne, med håret i feitt hestehale.

    Og vandra rett i fanget på det freshe, nystyla voldafolket. Så klart.

    Klompedeisa rider igjen!

    Men men. Opplesinga: Eg lika begge mennene og ei av damene. I feminismens namn skulle det sjølvsagt vore omvendt, men då kan faktisk ikkje damene skriva bøker om ørkenromansar eller babyspark, sårri. Dessutan: kor finn ein sånne litteraturdamer som innleier med sjumilssetningar innehaldande minst fem undersetningar og bisetningar, framført med überaspirert p2-røyst? Eg bare lura...

    onsdag, november 02, 2005

    Matprat

    Når eg blir stor (haha, pun intended!), skal eg i alle fall ikkje jobba der eg jobbar no! Alle slankar seg, heile tida, og syns det er det beste samtaleemnet som fins. Særs i lunsjpausen.

    Ikkje så svolten idag, så det blei med ei skive og ei gulrot.
    Alarm! Kva diett var eg på, tru, kor ein skulle eta skive og gulrot?

    Dei ikkje bare tenkte det, dei spurte.

    Syns du eg treng å slanka meg? spurte eg, og kikka spørjaren roleg inn i augene. Ho rødma ikkje eigong, og stotra ikkje det grann då ho svara: "Nei det meiner eg ingenting om. Eg ville bare påpeika at du mykje heller bør gå på fedonkur - det er såå mykje sunnare!"

    Jo takk som byr. Eg skal vurdera det om eg nokonsinne finn att matlysta i alt diettpratet.

    tirsdag, november 01, 2005

    Crash test dummy, Ukrainian style

    Litt av det ein lærer på ei veke i Kiev:



    * Ein skal aldri bruka sele i bil! Verre enn å slengast gjennom frontruta etter bråstopp nummer tre tusen, i det ladadrosjesjåføren brått innser at bilen som kjem beint mot i køyrefeltet (som forsåvidt er hans) ikkje har tenkt å gi seg, er det nemleg å stoppast av militiaen. Dei ser det svarte bandet over brystet ditt, og forstår straks at du har noko å skjula. Kvifor ville du elles følga trafikkreglane på den måten? Mest truleg er hanskerommet fullt av dop og bagasjerommet fullt av lik, og du er ein rømt Fiende Av Staten (å joda, dei finst i rikt monn, også etter oransjerevolusjonen!). Altså: Ingen setebelter!

    * Viss du bare klarer å halda fullstendig kjeft gjennom tre portar, tre dører, og fleire kilometer stadig smalare undergjordiske gangar, og dessutan kvittar deg med alle liksommetalliske øremyntar, koparmyntar og småsedlar på vegen (ikkje dei største sedlane - grisk er trass alt ikkje Gud. Håpar me...), vil du få oppfylt tre ønske:
    - Eitt for magen ("gi meg bilen/huset/lottogevinsten/diamantringen/data-maskinen/barbiedokka eg vil ha!")
    - Eitt for hjarta ("ver grei og pass på barnet/mannen/kona/foreldra/ elskarinna mi/n/e og gjer han/ho/dei fri frå alt gale som elles måtte skje!"),
    - Og eitt for hovudet og anda ("lei meg på den rette vegen, Gud, og frels meg frå alt det vonde, Amen!").
    Ikkje verst, huh - tre ønske for prisen av nokre småmyntar og tre tynne bivokslys? Askepott og meg, liksom! Men så var det dette med å klara å halda kjeft, då, i det den eine mummifiserte helgenen etter den andre manifesterer seg i all sin halvrotna velde langs veggane, og tolvåringen bak deg i køen for tredje gong nesten klarer å setja fyr på skautet ditt med stearinlyset sitt... Eitt av tre er vel heller ikkje så gale?

    * Så klart det er naudsynt med èin tilsett per etasje som bare har som ansvar å passa på nøkkelen din medan du er ute av hotellrommet ditt! For ikkje å snakka om ho som har ansvar for lintøy, ho som har ansvar for vasking, og ho tredje som har ansvar for sengereiing - også per etasje.

    * Du slepp ikkje unna kyrkjene. Minst ei per dag, den eine meir gullforgylt og heilag enn den andre. Med russisk omvising.

    * Menn er veldig søte med lange svarte kjolar, bolleklipp og gullkors rundt halsen.

    * Viss du kjøper for meir enn 10NOK i sjokolade om gongen (det er gaver, æresord!), ser folk på deg. Då gjeld det å snarast mogleg evakuera sjokoladebutikken kor dei sel eit herleg utval sovjetestetisk innpakka godsaker med bilde av Staut Ukrainsk Ungdom og Vakre Ukrainske Bondekoner, og koma seg vekk. Den søte sjokoladeselgaren både kan og vil ringa framandpolitiet om du ikkje snarast stikk av med bevismaterialet!

    * Borsj som fastfood er oppskrytt. Du blir aldri - eg gjentek: aldri - kvitt dei raude flekkane på den kvite yndlings-t-skjorta di.

    * Det er klart det både bør og må ta minst to timar å få sjekka inn på eit fly! Ser du ikkje at me er Menn Med Uniform Og Makt, medan du bare er ein ussel framand som ikkje pratar eitt einaste ord forståeleg språk?! Okei då, kanskje eitt. Men kvifor seier du eigentleg "takk" heile tida?