Snøen fell over snø som har falt
Det er eit kaldt land me bur i. Kaldt og reint og folketomt. Sterk, fjern sol over uendelege snødekte vidder, blåswix og god gli. Blonde folk på toget, med fornuftig grovbrød i matpapir, og sterk kaffi på termosen. Chai-wallahen er bare eit fjernt minne, ingen har kardemomme i teen.
Eg går med altfor kort skjørt i ti minusgrader, bare fordi eg kan. Fordi ingen bryr seg. Mennene smiler i staden for å rynka bryna, og nikkar anerkjennande til strømpebukseleggene under den raude kåpa. Dei gamle løftar hatten og seier god affften, ungar pludrar ivrig til alle som smiler til dei.
Men for det meste er eg usynleg. Like usynleg - eller synleg - som alle andre. Som alle andre.
Det er ikkje så dumt, det heller.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar