fredag, mars 24, 2006

Frå vatn til...

Har eigentleg ikkje tid å skriva no, men bare må nemna følgande, no medan eg framleis er i indignert sjokktilstand:

Eg er komen til ein syndens pøl! Der er slangar i paradis!

For kva skjulte seg vel ikkje mellom børsen og katedralen, godt gøymt mellom kake og kaffi i samlingsrommet?

Jo, det skal eg fortelja: Vin, hadde dei henta fram! Ikkje bare èi, men to flasker! Til eit såkalla "viiinlotteri"! Som alle måtte vera med på! Eg er framleis djupt rysta, langt ned i den pietistiske sørvestlandssjela mi. Alkehyl og gæmbling! I eitt! På ein norsk kulturarbeidsplass! Bare fordi det er fredag! Kva er gale med bare å stikka heim litt tidlegare, som på mine heimtrakter, eller eta gele med vaniljesaus, slik ein gjer i den søte meiningsberande avisa?

Dessutan vann eg ikkje. Dustelotteri.

Ingen kommentarer: