onsdag, mars 08, 2006

Gratulera med dagen!

... til alle damene, og til dei beste mennene.

Eg reknar med de nett er komne heim fra demonstrasjonstoget nar de les dette, slik eg er? Temmeleg ironisk, i grunnen, nar ein tenker over kor vanskeleg eg er a be i sann derre demonstrasjonsgreier med flag og bannerar i Norge, at eg skulle bli med pa noko slikt i akkurat Nepal - landet kor norske styresmakter ber spesielt om at ein ikkje blir med i tog - u-an-sett!

Men slik blei det altsa. Meir eller mindre snofla over dei i det dei var komne cirka halvvegs, og da ei av dei driftige saridamene ganske enkelt greip tak i armen min og drog meg med seg, utan a mista sa mykje som ein staving av slagorda ho ropa, bare blei eg med. Motstandslaust, akkurat slik ein ikkje skal gjera. Men eg registrerte jo at det var bare damer der, og at dei sag bade vennlege og ikkje-militante ut, berande pa plakatar med bilde av kvinner i legeuniform, kvinner med sunne babyar, kvinner som las boker og utdanna ungane sine medan mennene sat som sporsmalsteikn i bakgrunnen, sa det foltest ikkje sa veldig farleg a vera med heller. I eit land kor mangemange damer doyr i barsel kvar dag, kor bare halvparten sa mange kvinner som menn kan lesa og skriva, kor nesten ingen politiske parti har damer i leiinga - i alle fall ikkje i toppen, og mennene styrer det litle som finst av pengar og naeringsliv, er det liksom ikkje sa veldig vanskeleg a vita kven ein skal heia pa...

Me gjekk ein liten runde, smilte og lo litt av at eg ikkje forstod ei einaste staving av det dei ropa, foer me samla oss pa dei fint oppmarsjerte plaststolane like ved eitt av templa. Tid for talar! Og talar... og talar... den eine lengre enn den andre. Med slagord! Det er visst greia her - a ropa slagord som forsamlinga svarar pa, om og om igjen. Ikkje veit eg kva det gjekk i, men da den femte talaren gjorde seg klar for sin halvtime (eller meir) pa podiet, sneik eg meg stille vekk. Nok er nok, ogsa om det er for ei god sak.

Litt lenger nedi gata kom eg forbi ein annan demonstrasjon, men den trur eg ikkje eg hadde tort a vera med i. Dei vifta med raude hammar-og-sigd-flag, og sag frykteleg sinte ut. Politiet stod klar med maskingevaera sine, og meir rakk eg ikkje sja foer eg lurte meg vekk. Trur det er sanne demonstrasjonar ambassaden er spesielt redd for... Veit ikkje om dei var maoistar, akkurat - mest truleg hadde dei ikkje fatt lov til a halda pa da - men ogsa om dei bare var vanlege kommunistar trur eg det var lurt a halda seg unna. Dei er liksom hakket toffare enn dei sote norske raudingane her...

Dagens sitat er henta fra den kule t-skjorta eg kjopte i raddisbutikken i Delhi:

"Feminism is the radical notion that women are people"
Hah!

PS, til alle dykk som ikkje syns me treng ein eigen damedag: Les dette og tenk igjen!

1 kommentar:

Anonym sa...

Da kan du krysse det av lista også - delta i 8. mars tog i Nepal! Eventuelt bare "delta i politisk demonstrasjon i Nepal" - det høres tøft nok ut i massevis...

Jeg brukte dagen til å argumentere for dagen, for å si det sånn. Skuffende lite engasjement blant ungdommen - jentene mente de var likestilt og guttene slo i bordet med "Jammen, vi må i militæret!". Wow. Ja mot det argumentet kjemper selv de mest innbarka feminister i motvind. Jeg er dypt bekymra for den oppvoksende generasjonen.