torsdag, mars 30, 2006

I morgontåkedalen

Reisande frøken Mac (med følge, så klart) har vore ute på landevegen sidan sist, derav den noko sporadiske oppdateringa.

Dvs, landeveg og landeveg... eg har vel strengt teke sett meir av steinflisene på Gardermoen og teppegolvet i flykroppen enn den buktande frie vegen. Det er vel som det er – og skal vera – på slike vaksne jobbreiser. Ut og heim same dagen, på morgon- og ettermiddagsfly eg deler med viktige dressmenn som sukkar rutinert over forsinka avgangar og lange drosjekøar. Eg kjempar med lysta til å snakka høgt og forretningsmessig i mobiltelefonen, om omstrukturering og strukturtilpassing og strateigplanar og konjunkturar og andre ting eg ikkje veit kva er – bare for å sjå om dei ville blitt overraska då. Om dei ville sett meg med andre auger. Om dei i det heile ville tenkt det var løye, om den unge dama i ullstrømpebukse og knekort skjørt, med blå adidassekk på ryggen, prata deira språk. Mest truleg hadde dei ikkje lagt merke til det ei gong – eller så ville dei avslørt at eg tydelegvis ikkje hadde peiling på kva eg snakka om...

Uansett. Første turen gjekk til Bergen. Der er det jo alltid kjekt, i alle fall så snart eg fekk gjort unna den jobbinga i periferien, og kome meg til byen for å henga dei timane som stod att før flyet skulle gå. Rakk å seia hei og litt meir til Den Komande Kunstnarinna, og saman ta ein veldig kjapp tur innom eit par butikkar eg elles aldri ville kome på å gå innom.

Dessutan observerte eg noko eg lenge har visst, men ikkje hadde tenkt så nøye over tidlegare. Nemleg: Dei kan dette med regnklede i Bergen! Viss det ein sjeldan gong regnar meir enn ein drope per kvadratmeter per sekund i Oslo, kjem paraplyane fram. Lettare støvete sidan forrige bruk for eit par månader sidan, men greie til sitt nesten-tørt-regn-som-fell-rett-ned-bruk. Å byta ut ullkåpa eller skinnjakka med noko anna dei minutta det står på, er sjeldan nødvendig.

Men i Bergen! Der veit dei betre enn å stilla i pelskåpe i mars. Eg hadde heilt glømt at det fanst så mange ulike typar allversjakkar. Så mange fargar! Og merke! Og fantastiske, high-tech eigenskapar! Dessutan regnkåper, og støvlar, og kalosjar og sydvestar. Store og små prikkar, striper og ruter, fargar og kledelege snitt. Lange kåper og korte frakkar – alt i gummiert ytterstoff med praktiske, tette detaljar. Så stas! Det er jo i seg sjølv eit godt argument for å bu i Bergen – at eg då hadde fått bruka den knallrosa barnehageregnjakka frå femdollarsstativet i Seattle oftare (nok ei regnby – er dette eit mønster?).

Mykje oftare, faktisk. Hm… Kanskje litt for ofte. Eg veit jo at eg ikkje likar regn. Ikkje eigentleg…

Skodde derimot!

Den andre jobbreisa gjekk med fly til Molde, og med lokalbuss til Elnesvågen i Fræna kommune. Har aldri vore der før, men hadde høyrt at det skal vera eit veldig fint område.

Og det hadde eg heilt sikkert ha kunna skriva under på no – om eg bare hadde sett noko. Men det gjorde eg jo ikkje. Skodda låg så tjukk, og kvit, og altoppslukande, at det var uråd å sjå stort anna enn ein og annan vag kontur inni alt det gråe.

Kult!

Eg likar godt den Skoddeheimen der bloggerane bur, altså, men den ekte, ikkjevirtuelle vara er også i dette tilfellet best. Nyansane av gråe skuggar, kjensla av fuktig oksygen ned i lungene og kjøleg kondens mot ansiktet. Ah! Eg likar!

For øvrig er I morgentåkedalen ei av verdas beste - og skumlaste! - (barne-)bøker. Spring til biblioteket og lån!

Ingen kommentarer: