lørdag, september 16, 2006

Aldri stopp!

Det hender eg er ute blant folk.

Ikkje så veldig ofte, så klart, i og med at eg stort sett held meg på kontoret, eller i alle fall heime med Dumbo på fanget og jobben i hovudet. Men altså av og til.

Og ein av dei tinga eg har lagt merke til der ute blant folk, er følgande: Det ikkje er alle som kan eta nonstop!

Sjokkerande, eg veit. Mange ser ikkje eigong ut til å vera klar over kva brotsverk dei gjer seg skuldige i, eller kor djupt dei syndar. Dei handlar rett og slett som om dei ikkje veit forskjell på rett og gale - endå så enkelt det er å gjera det rett!

Dermed ser eg at det må litt folkeopplysning til. Og sidan Staten vik unna ansvaret, får eg ta det sjølv. Her:

Dei ti nonstopboda:

Leksjon 1: Det finst bare èin rett måte å eta nonstop på. Før du er klar til å akseptera dette faktumet, vil du aldri koma deg vidare i livet, og bli ein velfungerande deltakar i samfunnslivet. Det er mogleg at folk prøver å innbilla deg andre ting, men dei tek feil. Du høyrte meg: Feil!

Ok? Nonstopeting er ikkje arenaen for individualisme og "kreative" val. Det er ein alvorleg syssel. Nonstopen skal behandlast med den respekten han fortener.

Fleire års forsking har synt meg at leksjon ein er den flest slit med. Men gi ikkje opp! Spesielt i starten av opptreninga er det uhyre viktig å halda fast på denne eine, grunnleggande regelen. Bare nokre ytterst få, topptrena nonstopetarar er i stand til å ta kreative val når det gjeld nonstopinntak. Men også då skjer det på uhyre nøye gjennomtenkte, på førehand kvalitetskontrollerte måtar - etter mønster som nybyrjaren vil bruka kilo på kilo på å skjøna.

Leksjon 2: Du skal ikkje ha andre nonstopar enn den originale. Pastellmelkesjokoladesmak? Æsj! Pføy! Fysjom! Nonstop er seriøst snop, for seriøse affecionados. Du køddar ikkje med originalen, bare for å laga noko dårlegare. Gjer du vel? Hm? Gjer du vel? Eg trudde ikkje det, nei.

Leksjon 3: Opna posen forsiktig. Det einaste som skjer om du riv han opp for fort, er at du lagar eit altfor stort hol, og nonstopen renn ut. Denne vanlege nybyrjarfeilen aukar sjansen for feilsteg sidan, og bør unngåast. Det er heilt greit å bruka ei skål til å ha nonstopen i. Eg har møtt puristar som meiner at snopeskåler er for gamle tanter. Dei tek feil.

Leksjon 4: Nonstop skal etast ein farge om gongen. Punktum. Kvifor? Fordi det er best sånn, vel. Ropeteikn.

Leksjon 5: Ein skal alltid - eg gjentek: alltid! - byrja med dei brune nonstopane. Dei BRUNE, ja. Det er fleire grunnar til dette. For det første er det alltid flest brune nonstop i posen. Det er med andre ord naturleg å byrja med det mest ordinære, og spara dei meir eksklusive bitane til slutt. Dessutan er dei brune nonstopane kjipast å sjå på. Så vekk med dei!

Leksjon 6: Neste farge ut er GRØN. Enkelt og greit. Et grøn-sakene dine. Grønt er bra for deg.

Leksjon 7: Det du sit att med no, liknar litt på noko tysk. Men ikkje heilt, gjer det vel? For det er ein farge som framleis ikkje passar inn, er det ikkje? Å joda, du ser det nok sjølv: ORANSJE! Oransje skal vekk. Nam nam!

Leksjon 8: Ah! For ein herleg tricolore! Oder: Ach! Solch ein schönes Tricolor! Bruk gjerne litt til på å beundra fargane før du går vidare herfrå. Men ikkje for lenge. Det heiter ikkje nonstop for ingenting! Når du er klar, er det eigentleg bare eitt logisk val. GULT. Knas, knas, gult!

Leksjon 9: To fargar att, og færre moglege feilval. Ta likevel litt tid til å kontemplera nonstopens vakre tosomhet før du går vidare. Svart og raudt, raudt og svart - aaah, vakkert! Men all good things must, som kjent, come to an end, og denne gongen var det raudt som skulle ut. RAUDE nonstop, farvel!

Leksjon 10: Viss du no har klart å gjera alt rett - og det har du vel? - sit du att med bare svarte nonstop no. Deprimerande? Neidå! Slett ikkje! Svart er som kjent det nye brunt, og det må feirast. Med SVARTE nonstop. Mmmmm! Svart!

Og voila!

Du har nett kome deg heilskinna gjennom ein pose nonstop - utan stopp. Gratulera! Dette fortener ei feiring.

Med nonstop, kva anna?

No som du allereie er som ein øva nonstoppar å rekna, kan du hoppa over leksjon 1 til 4 og gå rett på sak. Klar? Ferdig! Gap! Brune nonstop, mmmm..!

7 kommentarer:

Ingvild sa...

Shit! Jeg innser at jeg er totalt ulærd på også dette området. Gisp! Note to self: kjøp nonstop snarest og studer -lins lover nøye. Men hvordan klarer du å følge dem når du er på kino og putter nonstopen oppi posen med annet godt? Det må kreve skikkelig talent. Og spiser du da ALLE nonstopene før det andre godtet, eller det andre først og så nonstop? Jeg er så forvirret, jeg...

Anonym sa...

Jeg skjønner plutselig hvorfor M utropes til kinosjokoladen - da er jo alle bitene brune, ergo slipper en å sitte med lommelykt for å spise dem i riktig rekkefølge... :)

Skal ikke egentlig nonstop spises med pinner? Sånn for å øke nytelsen enda et lite hakk? Eller kanskje det bare var for de av oss som ennå ikke er på ekspertnivå hva pinnebruk angår.

Kristin Storrusten sa...

Men skal den spises kald eller lunken? Det er det store spørsmålet...
(Forresten lurer jeg på hvorfor det står spørsmålstegn ved "stor" og ikke "rusten" på linken min. Men jeg er jo egentlig meget fornøyd at det ikke er omvendt, da)

-lin sa...

Koss eg klarar det med kinomørket, får bli ein hemmelighet. Eitt hint, bare: mange års øving! So get to it, hun!

Og tenk at du huska det med pinnane, frk Th! Du har heilt rett, så klart. Men i og med at dette er nonstopeting for nybyrjarar (tenk at sånne i det heile tatt finst! gisp!), heldt eg meg til det veldig grunnleggande her. Det er jo ingen tvil om at pinnebruk tek nytinga opp på eit heilt nytt nivå!

Kristin: Eg har sett bilda dine, og du lurar ikkje meg! Mogleg du er rusten, men stor? (av størrelse, altså!) Pøh! :o) Har for øvrig avgitt stemme i det store sjokoladevalet, og oppmodar alle andre til å gjera det same. Stem påm kjøkkenskapet, alle saman!

Kjøkkenskap, kjøkkenskap, hei hei hei, kva blir vel sjokoladen utan deg - nei!

(uhm...)

Ingvild sa...

Jeg skal sporenstreks løpe ut og kjøpe nonstop!! Lover. Har forresten også stemt i sjokoladevalget, hva i alle dager skal sjokolade i kjøleskapet å gjøre!?! Bortsett fra hvis det er 30 grader og en er i Spania og har med melkesjokolade til kompisen sin og den smelter mens en ser på den. Men KUN i sånne tilfeller

Anonym sa...

Jeg er faktisk på viderekommende nivå hva nonstop-spising angår? Jeg v i s s t e det var noe jeg var flink til!!

Når det er sagt - jeg begikk en skikkelig faux pas hva nonstop angår tidligere i år - i et anfall av fargerikt-fellesskap-tenking blanda jeg en pose pastell-nonstop med vanlige nonstop i en bolle. Ei venninne som så resultatet fikk panikk og påtok seg oppgaven - iført engangshansker - med å sortere dem i to boller. Det ble seff mye bedre da...

Anonym sa...

hmmm.....hva skal man si. Neste gang jeg spiser nonstop så vil GE svirre rundt i tankene mine. der har hun ett vaktsomtblikk....spis de i riktig rekkefølge NK....
veit ikke om det er bra eller dårlig enda.....