mandag, september 11, 2006

9/11

Er det verkeleg fem år sidan?

Det er ein klisjé, så klart, å seia sånt. Men det følest verkeleg mykje kortare sidan. På ein måte kunne det vore i går. Eg sat der som vanleg, på datarommet i Volda, og dreiv med eitt eller anna som eg for lengst har gløymt. Noko uviktig, så klart, i den store samanhengen. Truleg også i den litle. CNN stod på i hjørnet. Som vanleg det også. Som for å minna oss på dei nyheitsjegarane me burde aspirera til å bli.

Så skjedde det. Først stemmene. I utgangspunktet overraska. Forvirra. Nokon har køyrt fly inn i World Trade Center i New York! Sidan stressa, hysteriske. Ja, det er sant.

Resten skjedde som i ein draum. Eg sat klistra. Me sat klistra. Heile verda. Og såg og såg. Røyken. Flammane. Papira som flaug. Sidan også kroppar. Fleire rop, meir kaos. Eitt fly til. Fleire flammar, meir røyk. Og kollaps. Eitt først, så det andre. Panikk. Støv. Vantru.

Aller mest det - vantru.

Uff. Eg angrar allereie på at eg byrja skriva om dette. For eg kjenner det framleis. At eg manglar ord. Etter alle desse åra. All den tida eg ikkje har tenkt stort på det. All tida me har brukt på å diskutera. Prata. Analysera. Forhalda oss til. Det er for tankestyrt, rett og slett. For det var ikkje intellektet som fekk seg ein knekk 9. september 2001. Det var følelsane. Tryggleiken. Eller, tryggleik er feil ord. Eg veit ikkje kva det var. Men den opplevinga det var å sitja der, fjetra framfor TVen, har eg aldri elles kjent, verken før eller etter.

Om kvelden prata eg med ein eg ønska skulle trøsta meg. "Hah, det var til pass for dei feite, sjølvgode amerikanarane. Veit du eigentleg kor mange ungar som døyr av aids kvar dag bare i Afrika?" sa han. Eg bare la på. Kjende meg dobbelt einsam. Framleis i sjokk, utan heilt å vita kva eg skulle gjera med det. Mitt kjære New York, opp i flammar. Mitt andre heimland, knust.

Ja, det er patetisk med sånne ord. Men der og då - kanskje også her og nå - var dei sanne.

Eg reiste dit så snart eg kunne. Så snart eg fann ein måte med denne skulen. "Oppgåveskriving". Drog ikkje til N.Y med det same. Men vestpå, til Seattle, til dei eg trong å sjå. Såg flaga, høyrte redsla, diskuterte miltbrann og terror og sorg. Mest sorg. Over alt som var mista. Dei døde. Dei levande.

Uskulda.

Ingen kommentarer: