onsdag, november 22, 2006

Saman

Mørkret har lege på lur. Det har alliert seg med regnet, med skylaget, med uønska arbeidsoppgåver og sviande skuffingar. Det har ledd av hovmodet mitt, og tolmodig venta på tur. Seigt og tungt, sleipt kviskrande. "Du kan bare gi etter først som sist", har det sagt. "Eg er mørkret, og du kjem aldri til å kunna kjempa meg ned. Du veit det allereie. Så kom! Kom, og gi etter..."

Og det har vore like før. Ei krusing måndag, då Skuffinga gjorde seg kjend. Ei bølgje i går, då ho vaks i styrke og omfang. Ein tsunami i dag, då eg registrerte at Det Blir Slik, faktisk og endeleg. Her kjem ingen gud av maskinen, inga uventa hjelp.

Eg hadde jobba lenge, og tenkte meg heim. Til mørkret. Med det. Aleine, som så ofte. "Eg har vel ingen våpen att uansett", tenkte eg, og trødde ut i det.

Det var då det skjedde.

Tilfeldig, ville eg gjerne seia, men det ville ikkje vera sant. Eg skulle heim, sa eg jo nettopp, og Babylon er ein annan stad. Det er nok rettare å seia at kjende meg dregen. At eg lot meg dra, av sterkare, lysare krefter. Eg vart henta inn, samla saman, varma opp og støtta fram. Eg kom til venner, og dei tok imot meg med opne armar.

"Kjære alle vestlendingar i Oslo. Og kjære alle austlendingar. I kveld kan også de får vera vestlendingar", sa mannen.

Etter det bare flaut det. Det var Are Kalvø som Eli Hagen og Thorvald Stoltenberg, det var Kjartan Fløgstad som seg sjølv og Helge Hidle. Det var Brit Bildøen og Ragnar Hovland saman og kvar for seg, og venlege blikk i heile rommet. Det var øl for å ha det rette i handa då eg tok mot til meg og prata til og med desse høge, meir og mindre tause forfattarmennene, og gode, ektefølte ting å seia til ho milde.

Og det var Stedje. Oh, Stedje.

Han sat der på krakken sin, ganske aleine med gitaren. Småprata litt, og song. Då skjedde det. Det skjedde likevel, mirakelet. Augneblinken av fullkomen lukke, kor alt smelta saman i ei høgare eining, og alt gav like mykje meining. Like god meining. Han sat der, som sagt, aleine.

Og song:

Så kvil deg no min kjære
Lat kroppen din få fred
Er ser augo dine smile
Når du stille legg deg ned.
Vi har vandra gjennom dagen
Vi har saman gjeve han liv
Og når alle lydar stilnar
Slik som kvitringar i siv

Ooh, vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh, gjev meg handa
Lat månader bli år.

Så takk då for ditt ljose smil
Og takk for dine ord
La all mi glede stige
Slik som tonar frå eit kor.
Og stille kjem no natta
Og ditt ansikt fell til ro
Så godt å vera saman
Så godt å vera to.

Då skjedde det.

Ein tilfeldig tilhøyrar, ein ung mann i hettegenser og litt for stor jakke, klauv opp på stolen ved sida. Smilte litt, men gjorde ikkje stort av seg. Han bare nikka litt til Olav, kikka ned i golvet...

Og song.
Ooh, vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh, gjev meg handa
Lat månader bli år.

Og eg er framleis mållaus. Framleis ute av stand til å beskriva det. Ute av stand til å finna dei rette orda. Om tida då alt står stille. Då verda finst, men bare som eit vakkert skin. Då alt verkar logisk og sjølvsagt og inkluderande.
Oo-oh, vi vandrar saman.
Og mørkret kan bare ha det så godt. Eg vik ikkje.

Og eg er ikkje aleine.

1 kommentar:

Anonym sa...

Åh. Nå ble jeg helt varm inni meg helt uten å ha vært der en gang. Godt å høre at dagen sluttet bedre enn den startet og at du holder mørket på avstand. Glad for at du er en av dem som gjør at jeg vet at jeg ikke er aleine. Spontan rødvin igjen anytime :-)