onsdag, november 08, 2006

Husmorhjørnet

NB: Denne posten skal lesast med fjernsynskjøkkenmelodien i bakhovudet: da tada da dada daratata data dara da daaa osv

Søndag hadde me ein liten gjeng gjester på lammelår, med poteter og saus og soppstuing og grønsaker og sånn, pluss eplekake til dessert. Nam!

Mandag tredde husmora i kraft. Bokstavleg tala. Fram med knokar og bein pluss diverse rotgrønsaker, krydder og løk - no skulle det kokast (ahem!) kraft. Boble boble ganske mange timar, avskumming og tilsmaking.

Og så har me juksa litt

Me (dvs eg) har nemleg silt av den nedkjølte krafta, og kokt opp igjen med restar av kjøt, nye grønsaker, krydderurtar og uuuhm. Nam! Veldig veldig godt!

Viss ikkje eg kan kallast eit godt koneemne (eller ebbne, som det heiter på Jæren), så veit ikkje eg!

Du treng:
Lammelår/knoke
Løk, rød og gul
Sellerirot
Potet
Gulrot
Persille, fersk
Pepar, heil
Salt, helst hav-
Tolmod


Voilà!

No driv eg bare og surfar rundt på nettet etter måtar å langsteika ei svinesteik til gjestene som kjem i sjutida medan eg er på jobb i morgon. Dvs åtte-ni timar i Römertopfen, på veldig låg varme (120, kanskje?) - går det? Tips mottas med takk!

3 kommentarer:

Ingvild sa...

Wow! Se der ja. Slutt på dette karrierevåset, frem med husmortriksa! Høhø. Nei, men kraft er lurt altså. Hvis dere har en av de rutete kokebøkene hjemme tør jeg vedde på at det står om langsteiking av steik der. Jeg har selvsagt begge (ingen har skjønt det enda, men jeg er litt av et kjerringemne!), så kan sjekke i kveld. Etter Hamlet, that is. Ja, er kulturell også :-)

elisabeth sa...

jamen lin, nå har jeg lest profilen din, og vi har så mye til felles at jeg jo bare må si hei. Så:Hei. Nå skal jeg sjekke ut bloggen din!!!

-lin sa...

Hei Elisabeth - og velkomen til meg. Kjekt med nye "fjes". Er her ikkje så veldig ofte sjølv for tida, men desto kjekkare med nye lesarar.

For øvrig blei det indisk, ein veggis og ein kyllingrett, i staden for steik når det kom gjester i går. Blei rett og slett nok sånn derre rotnorsk tradisjonskost