Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

onsdag, september 09, 2009

Bento, baby!

Artiklar som denne og bilder som desse og desse, gjer det veldig veldig klart for meg at det finst mødrer som beveger seg i divisjonar av flinkhet som eg ALDRI vil oppnå - som eg ikkje eigong vil koma nær.

Stakkar, stakkar Lille Stor.


Han har ikkje skikkeleg matboks, ei gong, sjølv om han byrjar hos dagmamma måndag.

mandag, november 17, 2008

To(pp)gerstuen!

Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt! Alle som bur i eller besøker Oslo ta turen dit!

Les meir her. Og meld frå når de er der, så kjem eg og drikk kakao, eg og!

torsdag, september 18, 2008

Tigerfavorittar

Eg merkar veldig godt at eg har ein sitje-ved-dataskjermen-jobb til vanleg, for no som eg er i permisjon, er eg i grunnen meir motivert for å gjera alt mogleg anna enn nett det.

Men litt blogging kan eg jo få til, og Elisabeth gjer det enkelt for meg ved å tagga meg for følgande meme. Det handlar om favorittar i byen ein bur i, altså Oslo for min del:

Spise ute: Uhm... Ylajali - med vinmeny! - på St.Olavsplass om det skal vera fænsi, Ekebergrestauranten på fine sommardagar med over gjennomsnittleg budsjett, og Havsmak om eg har lyst på fisk og havfrukter (og det har eg jo stort sett alltid!)

Ta med hjem-mat: Mitsu Sushi i Møllergata, uoriginale Rice Bowl i Youngsgate og Habibi i Storgata dei ca to gongene i året eg et sånt.

Treffe venner og være lat: Bare Jazz i Grensen, Åpent Bakeri bak slottet, og den lokale favoritten Vårt daglige brød i Schweigaardsgate.

Drikke te: Bare Jazz igjen. Dessutan Stockfleths i Tinghuset eller Dronningens gate for byens beste Lapsang Souchang, og Bibliotekbaren på Bristols for tynt porselen, Chesterfieldsalong og kjensla av gamle pengar.

For lesehesten: Litteraturhuset er heilt supert, går der så ofte eg kan, om ikkje anna så for å sitja i LesBar og leka intellektuell blant tidsskrifta. Av standard kommersbokhandlarar likar eg Norli i Universitetsgata best, medan Tronsmo sjølvsagt er obligatorisk på alt det der ein har intensjonar om å lesa, eller føler ein burde ha lese, eller kan observera at alle dei genuint smarte og intellektuelle faktisk les. For øvrig syns eg det er herleg å sitja med ei bok på Rådhuskaien - passe kombinasjon av roleg og folkefylt, og ein av stadene i sentrum som har sol lengst.

Være utendørs: Viss greia er å finna seg ein rimeleg sjenert plass å slikka sol i nabolaget blir det aller oftast Ruinparken. Til kjapp lokalturgåing uansett årstid er det supert på Ekeberg, og når skia skal fram blir det sjølvsagt denne berømte skogen alle oslofolk trur er ei "mark". Utover det likar eg godt å trava byen på langs og tvers, inn og ut av bydelane, utan det heilt store målet for auget. Gamlebyen-Galgeberg-Vålerenga-Kampen-Tøyen-Grønland-heim igjen er f.eks ei herleg rute.

Beste utsikten: Frå herlege, herlege Ekebergskrenten. Dessutan frå Frognerseteren om ein gidd ta banen eller gå litt langt. Og sjølvsagt frå Slottet vårt!

Beste bakst: Åpent bakeri - igjen - for grove rundstykke med så mykje rørte bær du vil ha attåt, United Bakeries på Karl Johan(!) for sjokoladescones, og allereie nemnte Vårt daglige brød for nettopp det - kvardagsbrød milevis unna remastandarden.

Dyppe tærne og resten av legemet: Ingierstrand er den eigentlege favoritten, men når me ikkje gidd å sykla så langt, er Gressholmen favoritten blant byøyane. På grå og regntunge sommardagar er oppvarma Frognerbadet bra - på fine dagar blir det litt for mykje sikksakksymjing mellom surreungar og svanehalsdamer for min smak.

Skeie ut med lunsjen: Hm. Sjeldan tid til slikt. Gjerne eitt av bakeria over, men det skjer altså så sjeldan at eg faktisk ikkje kan huska nokon gong... Men calzone frå Bit på Byporten eller i Storgata har eg faktisk ete ei gong og to, og det er bra greier.

Trimme plastikk-kortet: Ehm... Det var dette med meg og shopping, då... Men likar godt Jenny Hellström-utvalet hos Grim i Nygata, svære Grændsens Skotøimagasin i, duh, Grensen, og - for tida - Rakkerungene ved Vår Frelsers gravlund i Ullevålsveien.

Favorittkino: Gimle når eg er i ikkjegravid, vindrikkande tilstand. Men det blir oftast Saga eller Klingenberg sånn i det daglege.

Beste smågodtsted: Smågodt? Tja... vettkje heilt, for kjøper oftast slikt i vanlege matbutikkar. Men Lucky Lips ved Saga er jo bra (om enn dyr)...

Beste is: Dolce Vita i Prinsens gate, og Mövenpick på Karl Johan. Men besøker dei maks ei gong i året, så ville kanskje spurt ein annan enn meg om akkurat isråd...

lørdag, september 06, 2008

Etter åtte

Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin.

Men i dag er det lørdag, og då er det lov med litt (litt, altså!) lørdagsgodt. Og eg kan bare seia:

- Hel-loo, Mister Dream med mintsmak og sjokoladespon! How you doin? Og kor har du vore heile mitt liv?

Uuuuuhm!

Eg er ikkje den som i utgangspunktet elskar iskrem - syns ofte den norske isen smakar syntetisk og smire, og vil heller bruka kaloriane på konsentrert nyting, som sjokolade (yum!). Gjerne After Eight, sjølv om eg sjeldan kjem på å kjøpa akkurat det.

Men kombinasjonen! Mint og sjokolade og is!

Uuuuuhm igjen!

Har allereie ete ei skål, og no kjem eg til å tenka og tenka og tenka på isen i fryseboksen heilt til neste lørdag. Eller til fødselen? Kanskje det er eit smart triks til den verste og vondaste fasen? "Kom igjen no! Hald ut, så skal du få mintis etterpå!".

Hehe, eg trur eg har funne min eigen private pressmotivator.

torsdag, februar 14, 2008

Min mann

Eitt ord: ENDELEG

torsdag, november 29, 2007

A. S. II

Eg er tilbake frå Marokko etter to herlege veker, og har både bilde og anna snadder eg kan dela når eg bare kjem så langt. Men først ein ny kortrapport frå Anonyme Sjokomane:

Med unntak av om lag ein halv Ritter Sport innkjøpt av Lyslugg og fordelt over feriens tre første dagar, går det fint. Veldig fint. Har verken kjøpt eller hatt spesielt lyst på sjokolade, og føler meg veeeeldig flink.

Jeee! Flink!

tirsdag, november 06, 2007

A.S.

- Hei. Eg heiter Lin, og eg er sjokoman.

- Hei Lin!

- Det er no tre dagar sidan sist eg åt sjokolade.

- *Applaus*

- Men det går ikkje ein dag utan at eg tenker på det.

- Hald ut, Lin! Du klarar det, Lin! Ta livet ditt tilbake, Lin!

- Takk for støtta. Eg skal prøva. Hardt.



Sukk...

torsdag, september 06, 2007

Ingen stopp. Tvert om!

Og sidan eg framleis sit her på jobb og bloggar om trivielle ting medan eg gjer meg heilt ferdig med dagens dont, kan eg vel kosta på meg ein liten godbit til. Nemleg....

(tromtrommelitrommlommmtrommesolo)

Melkesjokolade med non stop!

To av favorittane mine! Saman! I same plata! På likt! Halleluja, eg trur det faktisk fins ein gud. I alle fall ein sjokoladefe eller noko.

Det er så nytt at ikkje eigong Freia sine mjølkesjokoladesider har klart å få det med seg, men nam nam, det har eg!

Jummi!

Rødt er det nye svart

Eg har nett drukke ein kopp rooibos-te "with black tea and spice flavour". Er ikkje det litt rart? Som Solo med colasmak, liksom?

Teen - "urtete med kryddersmak" på norsk - var for øvrig grei nok. Han smakar om lag slik India luktar, av ingefær, kardemomme og litt kanel. Eg manglar bare eit lass sukker og ein solid støyt h-melk, så blir det så autentisk som det kan få blitt.

onsdag, november 08, 2006

Husmorhjørnet

NB: Denne posten skal lesast med fjernsynskjøkkenmelodien i bakhovudet: da tada da dada daratata data dara da daaa osv

Søndag hadde me ein liten gjeng gjester på lammelår, med poteter og saus og soppstuing og grønsaker og sånn, pluss eplekake til dessert. Nam!

Mandag tredde husmora i kraft. Bokstavleg tala. Fram med knokar og bein pluss diverse rotgrønsaker, krydder og løk - no skulle det kokast (ahem!) kraft. Boble boble ganske mange timar, avskumming og tilsmaking.

Og så har me juksa litt

Me (dvs eg) har nemleg silt av den nedkjølte krafta, og kokt opp igjen med restar av kjøt, nye grønsaker, krydderurtar og uuuhm. Nam! Veldig veldig godt!

Viss ikkje eg kan kallast eit godt koneemne (eller ebbne, som det heiter på Jæren), så veit ikkje eg!

Du treng:
Lammelår/knoke
Løk, rød og gul
Sellerirot
Potet
Gulrot
Persille, fersk
Pepar, heil
Salt, helst hav-
Tolmod


Voilà!

No driv eg bare og surfar rundt på nettet etter måtar å langsteika ei svinesteik til gjestene som kjem i sjutida medan eg er på jobb i morgon. Dvs åtte-ni timar i Römertopfen, på veldig låg varme (120, kanskje?) - går det? Tips mottas med takk!

fredag, august 18, 2006

Epla er komne!

Og du som stussar og tenker at "hallo? det er no ALLTID epler å få tak i" kan bare gå heim og vogga. Det er sjølvsagt dei norske epla som er komne. Det er noko heilt, heilt anna enn desse seigskinna, smaklause, søtemne "fruktene" som passerer som "epler" resten av året.

Gjekk over Youngstorget i lunsjen, og der låg dei. Framleis ganske små, raudrødmande og friske, med verdas allerbestaste lukt. Måtte sjølvsagt kjøpa ein pose. Tre ulike slag, minst to av kvart.

Mmmmmmmm!

Ved sida av meg, eller eigentleg før meg, i køen hos torghandlaren, stod det eit nydeleg eldre ektepar. Dei kjøpte sånne bittesmå agurkar du veit, sånne som skal syltast og etast på leverposteien. Og så skulle dei ha meir, og eit par andre ting, og slå av ein prat, heilt til torgmannen oppdaga meg som stod der og trippa.

- Skal du bare ha epler? spurte han meg.
- Ja.
- Er det greit jeg hjelper henne først? spurte han dei.
- Ja, så klart! kvitra dei.
- Hun har sikkert bare en kort spisepause, stakkar!

Og det er utan tvil den søtaste replikken eg har høyrt heile veka.

Spisepause!