tirsdag, august 08, 2006

Oppognedpussing

Framleis tom i toppen, tom for ord. Eller full i toppen, var det visst eg kom fram til (nei, ikkje sånn full. Ikkje denne gongen)

Eller så er eg ganske enkelt temmeleg sliten. Framleis utan oversikt, utan energi, utan noko på hjartet. Dundrande hovudverk etter dagens arbeidsdag, av leveringspress og faktasjekk og ein overtidsplaprande kronikkopphavsmann, og golvbankinga rett etterpå gjorde ikkje akkurat situasjonen betre.

Ah, eg har kanskje ikkje fortalt om golvbankinga?

Vel, det har seg sånn, at for nokre månader sidan, på sommaren til dess varmaste dag kjøpte eg og min allerkjæraste Lyslugg eit slott. Andre folk kallar det "ein leiglighet", men kva veit vel andre folk om slikt?

Dette slottet har, i tilfelle nokon skulle ha unngått å få det med seg, fantastisk fin utsikt. Eg kan stå time etter time og bare sjå ut av alle vindaugene, så fin utsikt har me fått.

Dvs, det kan eg jo ikkje.

For det må jo pussast opp, må vita. Og det er her golvbankinga kjem inn i bildet. Då me kjøpte slottet, var der ny, skinande kvit, høgglansa skap på kjøkkenet. Det var kvite veggar og lys benkeplate, og brune fliser på golvet. Eg gjentek: brune fliser på golvet. Type terracotta anno ca 1981, med ujamnt brennmønster og skitsvart, småseig fugemasse mellom. Og brune - nemnte eg det?

Men ikkje no lenger!

Me har hakka dei vekk! Dunk dunk dunk, med hammar, meisel og rå muskelkraft. Me starta på lørdag, kvilte på søndag (er ein frå bibelbeltet, ja så er ein frå bibelbeltet!), tok mesteparten i går, og restane i dag.

Puh!

Jobb ja! Men herleg å ha gjort. No skal me legga nye klikklaminatfliser i staden, og byta (og bygga) ut benkeplata med ei som passar betre til den nye fargen. Dessutan skal me flytta vaskemaskinen frå badet til kjøkkenet, setja inn ei rekke til med skap, og...

Hey! Eg såg den gjespen du nettopp kvelte!

Er det liksom ikkje spanande å høyra på andre sine oppussingsplanar heller no? Hm? Ikkje interessant å høyra om kjøkkenskap og kjøkkengolv og fordelar og ulemper med kork versus lineoleum versus parkett versus vinyl? Du bryr deg liksom ikkje om slottet, du? Hm?!?

Pøh! Bare vent! Eg kjem til å bu i verdas allerfinaste slott, såh!

Eller, eg gjer det faktisk allereie, heilt sidan lørdag. No gjenstår bare eit par små detaljar. Kjøleskap, f.eks. Og ein komfyr som står på kjøkkenet i staden for i gongen der sikringa går viss me brukar han til å laga mat på. Og klede som heng i skapet framfor å ligga i kassar. Og bøker som står i hyller framfor å ligga i kassar. Og lampar som heng i taket framfor å ligga i (du gjetta det!) kassar. Og sko. Og cdar. Og internett som funkar. Og eit par andre småting. Men så! Blir så fint så.

Til slutt.

PS: bildet har sjølvsagt ingenting med saka å gjera. Eg bare syntes det var temmeleg festleg at det er treff nummer to om ein søker etter bilde av ein meisel (engelsk chisel) på Google si bildesøkeside. Barnsleg humor? Eg?!? Neidå!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Kjedelig å høre om andres oppussingsprosjekter? Så langt derifra! Til morran leste jeg lykkelig Elle Interiør til frokost, mens jeg til lunsj tok for meg Elle decorations kombinert med 25 beautiful homes. Riktignok skal jeg ikke egentlig pusse opp med det første, jeg leter seff etter tricks og oppbevaringstips for oss som bor på veldig liten plass, men som likevel har en lei tendens til å samle på ting. Men noe har jeg da lært av bladene - jeg kastet nylig tre treningsbukser som for lengst hadde sett sine glansdager samt to pysjebukser jeg ikke ante jeg hadde. Godt fornøyd med minimaliseringen gikk jeg til byen og kjøpte to par høye korkhælsandaler som er så tøffe at jeg hyperventilerer når jeg får dem på meg. Så da bør jeg jo i teorien klare å kaste noe annet... Vi får se. Jeg har en bunke "male-t-skjorter" som ikke bør føle seg for trygge de nærmeste dagene.

Lykke til med oppussing! Jeg gleder meg til å komme på besøk og se og se og se på utsikten.

-lin sa...

Jøss.

Du kan tru eg har lurt på kven som faktisk kjøper sånne interiørblad. Og så har eg altså ein kjøpar rett her, i min indre krins!

Eg er imponert.

Medan eg har deg her: Er det du som kjøper C! og D! også? Eller det der kjæledyrsbladet eg nett såg hos Narvesen - "Våre dyr" eller noko i den retninga?

Hehe, bare køddar.

Gler meg også til du kjem. Som nemnt(?) har me tenkt å ha fest, kanskje i løpet av månaden, evt i starten av september. Helger som passar/ikkje passar for deg? Overnatting sjølvsagt inkludert!

Ane sa...

Jeg lurer på om det er i denne gården min medsammensvorne dro på visning i dag. Jeg tenkte den lå litt nært opptil toglinja, men vil gjerne få erfaringer fra in situ! Og kan jeg være frekk og spørre hvor mye dere ga?

-lin sa...

Det har vore to visningar her - den eine var ein treroms i femte etasje, den andre ein fireroms i femte etasje. Treromsen er no seld, til 1,7, medan fireromsen ikkje er det. Det forstår eg for øvrig godt, for dei fire romma dei har laga av den opprinnelege treromsen er til dels veldig små. Kjøkkenet, for eksempel.

Me høyrer toga. Ikkje dei på framsida, altså dei som går til Lillestrøm - men dei som parkerer på baksida. Det er ikkje så mange, men ein del av dei køyrer med bremsene inne, og kvin litt. Med lukka vindauge høyrer me dei knappast, med opne er det sånn at ein legg merke til det. Vil tru ein høyrer dei endå betre i femte...

Viss du framleis er interessert i kor mykje me gav for vår, som er to etasjar lenger opp og i betre stand enn den som gjekk til 1,7, kan eg godt svara på det, men då vil eg helst gjera det på mail. Har du ein adresse eg kan nå deg på?

Ane sa...

Hei du! Du trenger ikke å si det, men takk for tilbudet!Det var treromsen vi så på og den gikk før vi fikk sukk for oss. Bare å fortsette. Sukk, jeg liker ikke visninger.