lørdag, august 26, 2006

Paris er ein annan stad

Me har besøk av ei venninne som bur i Paris. Ho jobbar på ein kafé kor kunstnarar, forfattarar og filmfolk vankar, kallar seg sjølv bohem, og trivst med det. Uff, om eg må dra frå Paris, vil eg heller til London enn Oslo, seier ho. Her er så stygt. Lyslugg nikkar. Han syns også Oslo er stygg. Men leiligheten var fin, seier venninna. Lyslugg nikkar igjen. Det blir i alle fall fint, seier han. Men då har eg jammen stått på også.

Så går dei på kafé saman. Eg må vera att. Arbeida. Har lese ei av helgas bøker, pløyer meg altfor fort gjennom den andre. Lurar på om eg når alle sidene til intervjuet. Må jo det. Dessutan skriva ei lita sak til avisa, og to ganske lange for forlaget. Kan ikkje seia nei til ekstrajobbing, eg har jo bare jobb i to veker framover. Og til familien? Seia nei til mor? Du er så snill, skriv ho. Så snill og flink. Eg har dårleg samvit for å velta dette over på deg. Neidå, seier eg. Det går så bra så. Ingen problem.

Det gjer jo det. Faktisk. Ikkje jobb deg i hel, sa parisjenta då ho stakk ut døra. Neidå, lova eg. Eg skal jo ikkje det. Ikkje i hel. Meir enn eg burde, kanskje. Men aldri meir enn eg toler. Eg toler masse. Det sa handlesaren i India også. Du toler meir enn alle rundt deg før det brest, sa han. Kanskje er du eigentleg ganske lat, men bare når det passar. Aldri om du ikkje kan. Då står du framst i arbeidskøen, med oppbretta ermer og enorm kapasitet. Det er ei gåve, sa han. Eg bare smilte, for eg visste at han hadde rett.

Så eg syter litt. Klagar. Over tolvtimar arbeidsdagar, kveldsskift og frilansing og oppussing om natta. Eg slit med å sovna, og med å vakna. Manglar idear utover det openbare, og skulle gjerne visst meir om framtida.

Men eg har det bra likevel! Eg taklar dette. Eg er der eg vil vera. Alle kan ikkje vera bohemar i Paris. Særs ikkje sånne som meg. Sånne som kuttar den eine forlagsfesten fordi det var viktigare å ta ein lang prat med ei oppgåvenervøs mor. Som går på dei to andre, men ikkje finn noka stor glede i det. Fordi eg er ein observatør, kanskje, ikkje noko midpunkt. Fordi eg ser at dei norske stjernene skin veldig svakt. At eg aldri blir som dei, og at eg heller ikkje har lyst å vera det.

Eg vil heller vera meg. Her. No. Oslo er ein by ein aldri blir forelska i, men lærer å bli glad i etter kvart, seier Lyslugg. Mogleg han har rett i det. Eller ikkje. Eg syns ikkje Oslo er stygg. Stygg og fin er ikkje viktige kategoriar. Alle er då meir enn det ytre? Er eg meg fordi eg ser ut som eg gjer? Fordi eg er høgare enn snittet, middels tynn og middels tjukk? Fordi eg har bølger i håret og skeivt ansikt? Fordi eg snakkar ein rar dialekt få forstår, og alltid er den første å få gnagsår?

Eg trur ikkje det. Protesterer mot tanken. Eg er meir. Eg er ho som sit her, ein lørdagsføremiddag i slutten av sommaren, og jobbar. Ho som gjer noko fornuftig. Ikkje fordi eg plent vil det. Men ikkje bare fordi eg må, heller. Fordi det er sånn det må vera akkurat no. Fordi det er rett.

Paris er ein annan stad.

3 kommentarer:

Ane sa...

Hang in there. Vi jobber visst i samme bransje. Trøst deg med at vi er flere som må bruke helger og kvelder til å henge i!

Ingvild sa...

...og ikke bare dere i den bransjen :) Sånn er det for mange av oss i perioder, men kanskje er det ikke så ille? Og jeg er enig - en by er mye mer enn det fysiske ytre.

Anonym sa...

Oslo er også et annet sted... for de av oss som bor i småbyer med begrensa tilgang på døgnåpne butikker, uteliv og urbanitet generelt.

Når det er sagt: Husk å puste. Og å spise. Og å sove. Litt kvanta av det er alltid bra å få med i løpet av ett døgn eller to. Og husk at du ikke trenger jobbe det ihjel nå bare fordi du ikke har noen fast jobb om noen uker. Du er så dyktig at du kommer til å få en jobb da uansett.