fredag, august 11, 2006

Ein dag Fire veker om gongen

Så var det sanneleg fredag igjen, sann!

I dag skulle vore siste dagen i sommarvikariatet mitt. Dvs, i dag er siste dagen i sommarvikariatet mitt. Men tradisjonen tru har eg sjølvsagt klart å klora meg fast litt til, akkurat slik eg har eg gjort det to gonger før etter endte sommarvikariat, i begge dei andre avisjobbane eg har hatt. Den eine gongen blei det til eitt år, så eitt til, og så fast stilling før eg stakk. Den andre blei det til eit halvt år med fulltidsjobb utan kontrakt, før eg valde dei vekk for å prøva den glansa verda (noko som skulle visa seg å vera eit dumt val, men det kunne eg jo ikkje vita då...)

No har eg fått fire veker til, så får me sjå kor skarpe neglene - og albogane - er etter det.

Eg er i grunnen ikkje så bekymra. Same dagen som redaktøren ringte og lurte på om eg ville ta fire veker til, kom der mail frå forlaget, med tre nye enkeltoppdrag der.
- Okei, men då vil eg ha masse pengar, sa eg.
- Uhm. Greit, sa dei.
Og så var det avgjort.

Hah! Det er ikkje det at pengar betyr så mykje i seg sjølv. Verkeleg ikkje. Men viss eg skal jobba som frilansar, på andre sine premissar enn mine eigne, skal dei i alle fall betala for det. Det er jo eg som blir sitjande att utan tryggleik, utan sjukedagar, utan skikkeleg nettverk. Slikt kostar, forstår de, kjære forlagsbransje. Kjære frilanskunde generelt, i grunnen.

Jobb jobb jobb. Bla bla bla.

Eg skriv lite her for tida, og når eg gjer det, er det lett å forstå kvifor. Eg har jo ingenting på hjartet!

Litt sliten, som vanleg. Veit eg er heldig som har fått utvida kontrakt i avisa - det er jo det eg ønsker. Likevel kjenner eg eit lite stikk av skuffing også. Eller, ikkje skuffing. Men antiklimaks. Eg hadde tenkt at "okei, så blir eg arbeidslaus då, og får kjenna litt på det. Kjipt å banka på dører og ringa til redaktørar, men det skal nok gå på eit vis. Eg får i alle fall bestemma over eiga tid! Flikka litt på leiligheten, for eksempel. Reisa på tur med Lyslugg. Ha litt sommarferie, eg som har gått stort sett i eitt sidan India".

Men nei. Det blei visst ingen ferie på meg. I alle fall ikkje i denne omgang. Ingen late morgonar, ikkje noko kjøkkenferdiggjering på dagtid. Eg får visst venta med både koselesing og kafehenging litt til, verkar det som. Ettermiddagane og helgene no er jo fulle av fiksing!

Ojojoj, så synd på!

Unnskuld meg, eg skal bare gå og spy litt av meg sjølv. Snakk om luksusproblem! Jenta har funne seg den kjekkaste jobben ho har hatt - ein jobb ho for ei gongs skuld har lyst til å bli i - og så klagar ho over at ho ikkje får pussa opp kjøkkenet sitt på dagtid. Ååååh, så synd på! Skikkeleg, ski-ke-leg synd!

Nok no.
Eg trur eg går og skrapar av litt meir golvpapp.

Ingen kommentarer: