Hallo, ween!
Halloween er eit tullete amerikansk påfunn. Usunt og umoralsk - ungane gjer jo ingenting for å få snop, dei bare truar med å øydelegga for andre. Overkommersialisert, med andre ord, og dessutan ikkje i stil med vår norske protestantiske tradisjon. A Hallmark holiday, ganske enkelt.
Alle veit jo det.
Men så er det bare det, at eg eigentleg likar halloween. Litt, i alle fall. Eller, bare på ein måte. Ikkje så mykje i Norge, kor me ikkje har forstått greia og bare importert masse oransje effektar frå Kina eller kor dei no elles lagar plastdingsar.
Men i USA, der!
Eg har enormt mange gode minner frå mine amerikanske halloweenar. Graskarutskjering, utkledningsfestar, spøkelsesslott og skrekkfilm. Hershey kisses og Reeses cups og Twinkies og anna snop, alt sjølvsagt individuelt innpakka i oransje og brunt. Oreos med oransje fyll, is og øl(!) og omtrent alt anna med graskarsmak. Leik og lått og moro - on a school night. For det er litt av greia. I alle fall der eg har budd, og i dei krinsane eg har vanka, feirar ein halloween på rette datoen. Å legga festen til helga før eller etter, er juks.
Og noko av det beste - om ikkje det beste - med heile halloween er jo timinga. Amerikanarane er enormt lure på akkurat det punktet. Vel har dei bomma på nasjonaldagen, og lagt den midt i sommarferien - men om hausten! Når regnet piskar ned og lauvet ligg på bakken og blir brunt, og det verken er varm sommarsol eller fin julesnø å gleda seg over? Då treng me ein fest, og det har amerikanarane forstått. Ikkje bare ein, heller, men Thankgiving ein liten månad etter. Sei kva du vil om USA, men festar kan dei! Det, og individuelt innpakka snop, så klart.
Her på berget er me dårlegare på begge deler. Eg var i butikken i dag, og sjølv om eg altså syns det er noko tull å heilt ukritisk importera amerikanske tradisjonar til Norge, håpa eg i mitt stille sinn at det ville koma ein unge eller to innom. Det gjorde det ikkje. Så Foxen eg kjøpte, eine og aleine fordi det var det einaste innpakka småsnopet i heile butikken, ligg no i skapet. Ganske så aleine, stakkar, medan han ventar på å bli eten.
Aller helst av eit lite spøkelse. Eller kanskje ein aldri så liten vampyr?
3 kommentarer:
Hvis jeg kler meg ut som heks, får jeg Fox i kveld da? Får jeg???Ellers må jeg innrømme at jeg lot være å åpne døren i går, etter å ha prøvd å forklare til en kid at jeg ikke hadde snop (han ble sur)... Jeg er en slem heks, faktisk! Pass the candy!
Oreos med oransje fyll? *swoon* ... Det kom to små, utkledde jenter og ringte på døra mi. Selv om jeg synes Halloween er stas, hadde jeg ikke kjøpt inn godteri til å dele ut... Hadde faktisk nesten ingenting å dele ut i det hele tatt *rødme* (jeg hadde epler og bananer i huset, men det ville vel ikke slått så veldig an?), men marshmallowsene som har ligget i skapet siden siste grillinga i sommer - de fikk i alle fall bein å gå på.
Det hjelper ikkje om du er kjip med snopet, ingling. For å få Fox i mitt hus, må du ha med kostelime! I tilfelle du lurar på kvifor du bare fekk sesamsoyamarinert laks og konfekt, altså ;o)
Har eg verkeleg ikkje fortalt om alle høgtidsoreoane i USA, kjære deg?!? Det er ei skam. Men her kjem lista:
Halloween - oransje
Thanksgiving - også oransje, men annan nyanse
Jul - raudt og grønt (i kvar sine kjeks, altså - eg har enno ikkje sett blanda)
Nyttår - sølvaktig, dvs meir glitrande enn det vanlege kvite
Påske - lyserosa, lysegrønt og lysegult (av ein eller annan gong assosierer amerikanarane påske med pastell - don't ask why!)
4th of July - raudt og blått i tillegg til kvite, fint dandert tredjekvar i pakken.
I tillegg finst det som kjent Oreos med brunt sjokoladefyll, med gyllent toffeefyll, med mintgrønt (duh!) mintfyll, og med halvt om halvt av desse. Altså halv mint, halv sjokolade, eller halv toffee, halv vanilje. Dessutan med double stuffing, og diverse gimmicktypar som f.eks Harry Potter-Oreos med Harry og gjengen stempla inn i kjeksen, Barbie-Oreos med Barbie i kjeksen og lyserosa fyll, osv osv osv.
The World of Oreos is a Beautiful Place indeed, hm?
Legg inn en kommentar