torsdag, oktober 05, 2006

Gjennombrot

Det har regna slik det bare sjeldan gjer i denne byen. Tett, kaldt, klissblautt. Og eg held på mitt: det er ingen by laga for regn, dette. Her blir så grått, så framandt og ugjestfritt. Haustaleg, seier me heime, endå heime er ein stad som toler vatn.

Men så, i det eg skulle heim frå jobb, før eg rakk få på meg regnbuksa -
dette:

Og så er Oslo og eg venner igjen.

Hey, med lys som dette kan eg til og med bli venner med hausten!

(Men ikkje sei det til han!)

3 kommentarer:

Anonym sa...

trenger ikke å klage....i min våte by skal det vel regne til mai

-lin sa...

Viss du les dette som klaging, har du faktisk misforstått heile posten.

Anonym sa...

sikkert....las det sein på natt...