Hallo, ween!
Halloween er eit tullete amerikansk påfunn. Usunt og umoralsk - ungane gjer jo ingenting for å få snop, dei bare truar med å øydelegga for andre. Overkommersialisert, med andre ord, og dessutan ikkje i stil med vår norske protestantiske tradisjon. A Hallmark holiday, ganske enkelt.
Alle veit jo det.
Men så er det bare det, at eg eigentleg likar halloween. Litt, i alle fall. Eller, bare på ein måte. Ikkje så mykje i Norge, kor me ikkje har forstått greia og bare importert masse oransje effektar frå Kina eller kor dei no elles lagar plastdingsar.
Men i USA, der!
Eg har enormt mange gode minner frå mine amerikanske halloweenar. Graskarutskjering, utkledningsfestar, spøkelsesslott og skrekkfilm. Hershey kisses og Reeses cups og Twinkies og anna snop, alt sjølvsagt individuelt innpakka i oransje og brunt. Oreos med oransje fyll, is og øl(!) og omtrent alt anna med graskarsmak. Leik og lått og moro - on a school night. For det er litt av greia. I alle fall der eg har budd, og i dei krinsane eg har vanka, feirar ein halloween på rette datoen. Å legga festen til helga før eller etter, er juks.
Og noko av det beste - om ikkje det beste - med heile halloween er jo timinga. Amerikanarane er enormt lure på akkurat det punktet. Vel har dei bomma på nasjonaldagen, og lagt den midt i sommarferien - men om hausten! Når regnet piskar ned og lauvet ligg på bakken og blir brunt, og det verken er varm sommarsol eller fin julesnø å gleda seg over? Då treng me ein fest, og det har amerikanarane forstått. Ikkje bare ein, heller, men Thankgiving ein liten månad etter. Sei kva du vil om USA, men festar kan dei! Det, og individuelt innpakka snop, så klart.
Her på berget er me dårlegare på begge deler. Eg var i butikken i dag, og sjølv om eg altså syns det er noko tull å heilt ukritisk importera amerikanske tradisjonar til Norge, håpa eg i mitt stille sinn at det ville koma ein unge eller to innom. Det gjorde det ikkje. Så Foxen eg kjøpte, eine og aleine fordi det var det einaste innpakka småsnopet i heile butikken, ligg no i skapet. Ganske så aleine, stakkar, medan han ventar på å bli eten.
Aller helst av eit lite spøkelse. Eller kanskje ein aldri så liten vampyr?