onsdag, april 19, 2006

Ei bokmelding eg neppe ville fått smilefjes for på barneskulen

Det er ei stund sidan eg har skrive om bøker. Den der lesinga mi putlar seg jo nokså ujamt avgarde, så det er ikkje alltid det er store og kloke ting å seia. Ikkje no heller, for så vidt.

Men eg har i alle fall lese om Buzz! Drege boka med meg i motvind og fjellskodde og klabbeføre, frå hytte til hytte, og lese om Mattias som er gartnar utanfor Stavanger og kjærast med Helle, heilt til han plutseleg ikkje er nokon av delane, og må rykka tilbake til start, heilt utan å få 4000 kroner. Og om kompisen Jørn, og om Ennen og Anna og Palli og Havstein og Claus. Og Eiddis, som eigentleg skriv namnet sitt med stemt krøll-d, fordi ho er frå Færøyane.

Det var ei bra bok, det er Ingar og eg samde om. På så mange vis, i grunnen. Kjekt med bøker som sveipar innom Jæren, så klart, og som (dermed) handlar om vind. Hadde eg hatt ho med meg no, på kontoret, skulle eg sitert den passasjen som handlar om vinden, og om korleis alle vindar vert fødde akkurat på Jæren – akkurat sånn alle ålar vert fødde i Sargassohavet. Men det har eg ikkje, og det gjer ikkje så mykje, heller.

Det er uansett Færøyane som gjeld. Grøne små holmar med endå mindre bygder, kvalkjøt og til saman 1000 kilometer veg.

Dei to beste tingene med boka var desse:

* eg fekk lyst å reisa til Færøyane, og det har eg eigentleg aldri hatt lyst til før.

* eg gjenoppdaga The Cardigans, og kan nesten ikkje forstå at eg har klara meg utan dei så lenge. Kor blei det av deg i alt mylderet, Nina? Jammen var det bra du kom tilbake!

These are the promises I can keep
These are the promises I can keep
To live like I must
And ride with the dust in my face
In grace

("A Good Horse" på Long Gone before Daylight)

2 kommentarer:

Anonym sa...

hey, -lin - hvor ble det av deg i alt mylderet? ei uke (nesten) uten posting?!

noe helt annet - disse http://nosheteria.com/dailyspecial/2006/04/chocolate-sandwich-cookies-with.html har jeg veldig trua på! :) sikle, sikle, sikle...

kommer en lyntur innom hovedstaden i morra på bokkurs (cappelen skal få overbevise meg om å velge deres læreverk til høsten. jeg håper på kaker og kaffe - minst) - kurset starter 14 er ferdig ("avrundes med varmt måltid 1845" - vurderer sterkt å skippe det) ca 1845, buss tilbake går 22. skal muligens se clairs nye leilighet, sender deg en sms hvis programmet tillater en kaffe (eller te) med deg. forutsatt at du har tid og alt sånt, selvfølgelig. :)

-lin sa...

Kor eg blei av? Først og fremst Sunndalsøra, pluss småturar til Kolbotn og andre herlege plassar av omtrent same kategori.

Eg skal trena kl 18, men håpar du plingar på likevel.

For øvrig: fake oreos, jum jum! På den andre sida er det jo eit visst risikomoment i å prøva seg på denslags, all den tid originalen er så bra...