onsdag, august 24, 2005

Tuskeluska

Eg har nett tuska til meg ei gratis bok! Slik:

Her oppe i den kreative Nydalen er me nemleg veldig gode venner, alle saman.
I samband med at Bimbo-Internatet (kortform BI) opna rett over gata no denne veka, delte Dei norske bokklubbane (som nett har brukt sikkert mange millionar på ny logo og nytt namn, nemleg "Bokklubben" - eit stort slag for kreativiteten der i garden!) ut flygeblad med tilbod om ei gratis pocketbok "til alle BI-studenter" som gadd å stikka innom den nye butikken deira (mot at ein leverte tilbake flygebladet med reklame for forfattaropplesingar og slikt som eg gjerne kunne ha spara på, men men).

Og sidan det er openbart for alle som les "På nattbordet"-spalta i DN at desse BI-folka aldri kjem til å koma seg gjennom, langt mindre forstå, Distinksjonen av Bourdieu, tok eg ansvar for at Bokklubben skulle bli kvitt i alle fall eitt eksemplar av denne boka. Eg er kanskje ingen prototype på koss skikkelege BI-studentar ser ut - til dømes eig eg ingen dongeribukser til over 2000 kroner - men guten i disken smilte og sa versågod likevel. Tusk tusk!

Eit anna alternativ eg lurte lenge på, var Kaptein Nemos bibliotek av Per Olof Engquist, men eg konkluderte med at den sikkert er lettare å skaffa i billege utgåver også andre stader, medan Bourdieu har ein tendens til å koma i overprisa overakademiske utgåver.

Distinksjonen, altså! Kanskje vil eg der finna løysinga på kvifor eg ikkje klarer å lika han der Eco?

Ingen kommentarer: