fredag, august 12, 2005

"Naturen" kallar?

I følge Johan Galtung er draget mot Naturen den einaste religionen vi norskingar bryr oss om. Mogleg det, mogleg det. Til og med mogleg det er derfor eg let meg overtala til å bli med L på hytta i helga, sjølv om eg vel lurar på om 8 grader og regn er det eg treng mest av akkurat no... Så lenge han allereie har lånt ut leiligheten vår til søstera, mora og venninna si frå i dag til søndag, har eg vel uansett ikkje dei heilt store vala.

Dermed: Villdyret har vakna! Natur, her kjem eg!!! (rart kor annleis akkurat den frasen der blir på norsk framfor engelsk...)

For øvrig er eg no om lag halvvegs gjennom Foucault's Pendulum av Umberto Eco. Gjesp. Tunge greier. Men eg gir meg ikkje! Eg SKAL lesa ut ei heil ecobok! For tenk.

1 kommentar:

-lin sa...

Som om eg brudde meg om bryllup i Northampton... Trurkje det nei!