tirsdag, august 23, 2005

Pendelen svingar tilbake

Hipp hipp - hurra hurra hurra hurraaa! Eg er ferdig med ecoboka!! En-de-leg! Det har teke si tid, men min kamp er krona med siger. Aaaaah!

Veldig kort fortalt, så handlar Foucault's Pendulum om ein ung mann som etter mykje om og men og fleirfoldige tørre sider om kaballah og diverse får seg jobb i eit forlag kor dei bestemmer seg for å publisera diverse okkulte bøker. Parallelt med - og inspirert av - dette, byrjar han og to kollegaer å konstruera ein såkalla "Plan". Dei bruker gamle manuskript og allverdas andre kjelder, og kokar opp noko dei gir ut for å vera den Verkelege og Sanne Historia om templarordenen og riddarane av den heilage gralen og dei folka der. Problemet er bare at dei okkulte templardyrkarane sjølv byrjar å tru på denne jukseplanen, og bruker allslags skitne metodar for å tyna den siste, verkeleg store Hemmeligheten ut av våre heltar - sjølv om det går på helsa laus.

Den delen som let seg oppsummera så raskt, er forsåvidt grei. Den kunne Eco fortalt over kanskje førti sider. Det same gjeld dei delane som handlar om privatlivet til særs hovudpersonen, om kjærasten og babyen dei får. Også interessant nok. Men alt det andre? Urgh. Spy. Kje-de-leeeeg! Fattar verkeleg ikkje kvifor det er så mange som interesserer seg så sterkt for sånne konspirasjons- og templarteoriar, eg! Manglar dei noko i livet sitt, eller, som treng all denne "spaninga"? (gjesp gjesp) Eg fattar det ikkje. Verkeleg ikkje.

Kanskje er eg rett og slett ikkje ein sofistikert eller intellektuell nok lesar for denne Eco. Er vel der det ligg, skal du sjå. Greit det, eg skal nok klara meg likevel, eg. Byrjar på Catch 22 i dag, gler meg. Ikkje minst til planlagte bokdiskusjonar med D!

Ingen kommentarer: