mandag, august 22, 2005

Ikea

L og eg har vore på Ikea i dag. Eg skofta nesten to timar av jobben for å unngå kø på veg til Furuset, men det virka bare sånn passe. Først måtte me nemleg innom ein stad for å levera dataen til L si søster, og så ein annan stad for å kjøpa ny, sitrongul støvsugar, så då me endeleg kom oss til den blågule kladeisen desse svenskane har fått lov til å setja opp i landet mitt, var der sjølvsagt masse folk der allereie. Me stod i lang kø for å få oss ikeamiddag - falaffel og couscous som faktisk (sjokk!) smaka heilt ok. Elles vart det vel helst småplukk me handla - nokre kleshengarar her og eit par kvite oppbevaringsboksar i plast der. Eg er like glad - Ikea kjem høgt på lista mi over stader eg helst prøver å la vera å opphalda meg.

Forresten var me innom Biltema også, og det var mykje kjekkare, for der kjøpte eg meg lykt til å ha framme og svart nettingkorg til å ha bak på sykkelen min. No gler eg meg endå meir til å susa forbi stressa menn på veg heim ned Kirkeveien!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du kan ikke MISSLIKE ikea, vell?!?!?!

-lin sa...

Å joda, det kan eg!